torsdag 18. august 2016

Poetica:Kom vi likevel til Roma ?

Du tala alltid om Roma
femti- og sekstiårsdagen kom og gjekk
utan Roma-tur,
men du kom dit til slutt
som livsfrisk syttiåring,
den evige stad under sju høgder
og eit handtrykk frå pave som varer
heilt til alle minna forsvinn
inn i aldringas grå dis.
Når mysteriet er løyst
tek Wallander sin kunstnar-far med til Roma,
der eg går åleine over Piazza Navona
drikk låg novembersol frå Berninis fire floder
tenner lys hos St.Agnese in Agone
og ventar på Ingeborg Bachmanns vippehuske
som til natta skal ta meg opp
over Romas sju høgder og kanskje ned igjen
til Campo de`Fiori.
Vi kom aldri til Roma saman,
men kanskje kan vi likevel møtast på halvvegen
ein tidleg septembermorgon på Aventinarhøgda
når sola varlege løftar kuppelen frå Peterskyrkja.



                                                Åleine på Piazza Navona ein dag i november.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar