mandag 1. august 2016

Ingeborg Bachmann

"I motsetningen mellom det umulige og det mulige utvider vi våre muligheter" konkluderar forfattaren Ingeborg Bachmann ( 1926-73) i eit foredrag ho heldt i 1959.  Å utvida våre muligheter betyr å overskrida "grensene" som er eit sentralt omgrep hos Bachmann. Ho snakkar om grenser i vid forstand, dei filosofisk , intelektuelle og språklege grensene, men og grenser skapt av konvensjonar, kultur, tradisjon og samfunnsforhold. Grensene er til for å overskridast, brytast for å nå fram til menneskets sanne eksistens, ein slags utopi. "Blikket", eit anna sentralt omgrep hos Bachmann, er retta utover grensene, mot det sant menneskelege. Blikket viser retning og veg mot dette som som er vårt sanne mål.
Her frå eit tidleg dikt med tittelen "Grenser":

"Tenner du lys
og store bål
med gyllenskjær
uten ende.

Kaster du slikkende fakler
inn i slør av røyk
strør du fra øyne og hjerte
det du har.

Alltid er det bare forsøk
famlende vei
alltid bare ditt bilde
som du trekker fram i lyset."

Ingeborg Bachmann vart fødd i Klagenfurt i Østerrike i 1926 og døydde i ein brann i Roma i 1973. I desse dagar ville ho fylt 90 år dersom ho hadde fått leva ! Ho vert rekna som ein av dei sentrale forfattarane i landet i etterkrigstida ved sida av mellom Peter Handke og Thomas Bernhard, sistnemde rakka ned på alt og alle i Østerrike med unntak av Ingeborg Bachmann som han skriv om som "dikterinnen Maria" i romanen " Utslettelse".
Ho studerte psykologi og filosofi og skreiv ein avhandling med kritikk av Heideggers eksistensfilosofi med basis i Wittgensteins språkfilosofi. Ho var påverka av mellom anna forfattaren Robert Musil og psykologen Viktor Frankl som begge sette ord på våre store eksistensielle dilemma.
Etter kvart kom ho inn i det litterære og kulturelle miljøet og var knytta til sentrale forfattarar som Max Frisch og Paul Celan, dessutan komponisten Hans Werner Henze. Lyrikarar som Nelly Sachs og Anna Akhmatova sette ho høgt, og ho skreiv dikt dedikert til desse to som skildra ondskapen  i nazismen og kommunismen i det tjuande hundreåret!
Ingeborg Bachmann skreiv noveller, skodespel og romanar, men det er som lyrikar ho har ein sentral plass i etterkrigstidas tysk språklege litteratur. Ho skreiv i ein modernistisk stil med ofte bisarre bilete,om enn ikkje så bisarre som hennar kollega og ven Paul Celan som strekte språket til yttergrensene, og er kanskje ikkje så lett tilgjengeleg. Er det ein slags idealisme og tru på kjærleiken i dikta hennar ?  Ja, men kanskje ikkje alltid så lett å  finna. Det er i allefall ein appell om å ha blikket retta utover grensene, ut mot utopien og kanskje kan vi møtast der ? Som i eit sitat av den persiske diktaren Rumi: " Bortenfor tanken om hvem som har rett og hvem som har feil, finnes det en slette. Jeg møter deg der."

Sannelig

Til Anna Akhmatove

"Til den ordet aldri slo ut
og jeg sier dere,
den som kun vet å hjelpe seg
og med ordene -

den er ikke til å hjelpe.
Ikke på den smale
og ikke på den brede vei.

Å gjøre en eneste setning holdbar,
holde ut i klingklangen av ord.

En slik setning skriver ingen
uten å skrive under."




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar