tirsdag 9. august 2016

Minnedagen for Teresa Benedikta av Korset

I dag  9.august feirar vi minnedagen for Den heilage Teresa Benedikta av Korset kanskje betre kjent under sitt jødiske navn Edith Stein. Sannsynlegvis er dette dagen ho saman med søstera Rosa vart ført inn i gasskammeret i Auschwitz i 1942. "Kom, vi går for vårt folk" er dei ord ho skal ha trøsta søstera med då dei vart henta av gestapo i klosteret i Echt i Nederland. Edith Stein,den lynande intelligente jødiske kvinna, fødd i Breslau i ein sekulær jødisk familie i 1891, filosofen og Edmund Husserl eleven, ateisten som fann sanninga i katolisismen, og gjekk vegen heilt til endes då ho valde livet som karmelittnonne. Til sist martyr og sanningsvitne, og som eit høgdepunkt skytshelgen for Europa frå år 2000.
Tereresa Benedicta skreiv heile livet og etterlet seg ei rekkje filosofisk-teologiske verk som har hatt påverknad langt utover Den katolske kyrkja, og som blir diskutert av fagfilosofar også i dag.
"Kreuzewissenschaft"(Korsvitenskap) er hennar skarpsindige analyse av ein annan stor karmelitt, Johannes av Korset. Eg tek med ein liten tekst om messeofferet henta frå dette verket:

"Å dø med Kristus på korset og gjenoppstå med han blir virkelig for enhver troende, og især for enhver prest, i det hellige messseofferet, som ifølge troslæren er fornyelsen av korsofferet. For den som bærer det frem, eller tar del i det med levende tro,skjer det samme som skjedde på Golgata. Johannes ministrerte under messen allerede som barn, og uten tvil i klosteret etter han ble presteviet. Vi vet utfra beretningen om hans liv at bare det å betrakte et krusifiks kunne hensette ham i ekstase. Hvordan må da ikke det virkelige fullbyrdede offer ha grepet ham - allerede som tjenende deltager, og enda mer senere når han selv frembar det!"



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar