søndag 28. august 2016

Karmelittklosteret i Aleppo

Aleppo er stadig  i medias søkelys som følge av den brutale borgarkrigen i Syria, og beleiringa av byen som pågår i desse dagar  med store lidingar for sivilbefolkninga. Byen har tradisjonelt hatt ein relativt stor kristen minoritet frå mange ulike kyrkjesamfunn, ikke minst er her mange armenarar som er etterkomarar av dei som flykta frå det tyrkiske folkemordet for hundre år sidan. Inntil nyleg har  dei kristne levd relativt fredeleg saman med den muslimske majoriteten, men dette har forandra seg drastisk i det siste.Av 160.000 kristne reknar ein med at bare eit par titusen er att i byen. Dei som er att er dei fattigaste og mest resursvake, dei andre har for lengst flykta. Nyleg var det eit mediaoppslag om karmelittsøstrene i Aleppo som valde å bli i byen i solidaritet med den lidande befolkninga ! Karmel har eit kloster i utkanten av byen som vart grunnlagt i 1964, men ordenen har ein lang historie i Aleppo, alt på byrjinga av 1600 talet kom ei gruppe karmelittbrødre til byen. I dag er det fire syriske og to franske nonner  igjen i klosteret "Vår frue av Syria".

Ein av dei franske nonnene Sr Anne Francoise seier til media:" Korleis kan vi reisa i frå desse menneska midt i deira liding ? Vitnemålet ved at vi er tilstades er viktig for dei.  Vi får styrke og mot frå våre bøner, det er vårt vern. Diplomatiske løysingar har ikkje ført fram. No kan vi bare be til Herren om at denne krigen vil ta slutt."



Forbøn for Karmel i Aleppo !

Lenke til bilete frå ei betre tid i "Moniales Carmelites Dechaussees d`Alep" :

https://plus.google.com/+DebThurston/posts/HSbT9AWNGXG

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar