Journalist og redaktør i avisa Dagen Kari Fure kom i vinter med boka "Flukten fra Syria og Irak " på Lunde forlag. Bokas tema er dagsaktuelt, nemleg situasjonen for dei forfølgde kristne i Syria og Irak.
Ein gong var dette det kristne kjerneområde, i dag er desse landa i ferd med å tømmast heilt for kristne som følge av krig og forfølging. Kari Fure har sidan 2007 reiste rundt i desse områda og møtt og intervjua såvel vanlege folk, som prestar, kyrkjeleiarar og politikarar.Ho har opparbeidd eit imponerande kontaktnett. På slutten av boka knyter ho og trådar til eksiltilværet i Europa, ikkje minst i Sverige som har ei av Europas største grupper med kristne frå Midt-Austen, mest syrisk-ortodokse, men og assyrisk og kaldeiske truande.
Sidan hennar første reise i 2007 har situasjonen forverra seg dramatisk, først ved utbrotet av borgarkrigen i Syria og sist ved framveksten av Den islamske staten i Syria og Nord-Irak. IS erobring av storbyen Mosul og dei kristne landsbyande på Ninivesletta i 2015 er eit sentralt tema i boka. Alle kristne i Mosul måtte flykta og for første gong på 1700 år vart det ikkje feira messe i katedralen i byen. Alternativet var å omvenda seg til islam eller bli drept. Vi kjem tett inn på desse dramatiske hendigane gjennom Kari Fures intervju med flyktningane.
Bokas fokus er den dagsaktuelle situasjonen i Syria og Irak og er bygd opp som ei journalistisk reportasjebok, det er mindre vekt på det historiske og bakgrunnen for konflikten.Men i kapittela "Historien gjentar seg " og "Folkemordets oldebarn" kjem ho inn på dette , og dreg linjene til folkemordet i Tyrkia og Irak i 1915. Det er godt kjent at dette gjekk hardt utover armenarane, mindre kjent er det at dei syrisk-ortodokse også vart hardt ramma. Det gjer vondt å lesa om oldeborna til dei som overlevde massakren i 1915 og som i dag vert ramma av den same forfølgingane !
Ja, historia gjentek seg, heilt fra dei første hundreåra etter Kristus har dei kristne kyrkjesamfunna i Midt-Austen vorte utsett for forfølging av ulike makthavarar: persarar, arabarar, mongolar, og ikkje minst det osmanske imperiet. Nye makthavarar har første gjeve von om ein bedring, men det har fort vist seg å ikkje bli det spor betre snarare det motsette.
Kari Fures bok er viktig og burde lesas og diskuteras av mange, ikkje minst politikarar. Men eg tvilar på at det kjem til å skje, dette står ikkje på den politiske dagsordenen ! Dette vart ikkje minst tydeleg i Sverige i fjor under åtaket på Mosul. Dei kristne innvandrarane reagert på at dette fekk skuffande lite merksemd, ingen politiske leiarar tok det opp med unntak av Jimmie Åkesson, leiar for Sverigedemokratane. Han vart med rette eller urette omfavna av mange syrianarar, assyrarar og kaldearar ! Les boka og få større kunnskap og engasjement. For meir omfattande bakgrunnskunnskap kan ein supplera med artikkelsamlinga " De kristne i Midtøsten" redigert av Berit Thorbjørnsrud.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar