tirsdag 6. mars 2012

Rosenkranssonatene

Heinrich Ignaz Biber (1644-1704) var fødd i Bøhmen men verka det meste av livet som musikar og komponist i Salzburg. Han var stor i si samtid men gjekk så i gløymeboka som så mange andre, for så å verta oppdaga på nytt i vår tid. Det musikkstykket som ein framfor noko forbind med Biber, og som han vorte hans mest populære verk er  Rosenkranssonatene ,også kalla Mysteriesonatene( Die Rosenkrantz Sonaten, Mysterien  Sonaten). Verket utgjer seksten delar, eit for kvar av dei  opprinneleg femten rosenkransmysteria ( i 2002 la pave Johannes Paul II til ytterlegare fem) og ein avsluttande passacaglia for solo fiolin. Rosenkranssonatene er spesielle av fleire grunnar. Dei prøver å gå til kjernen av dei kristne mysteria og er tett med symbolikk, referansar og kryssreferansar. Dei er og ekstremt vanskeleg å framføre, ikkje minst pga. "Scordatura" som er eit uttrykk for at instrumenta er stemt i ulikt nivå for kvar sonata.
Svært spesielt er i så måte er sonaten som omhandlar oppstoda(Surexit Christus hodie). Fiolinens to  strengar  i midten krysser kvarandre, kanskje eit symbol for at Kristi Oppstode så totalt forandrar verda ?


Dette er Rosenkransmysteria, "Lysets mysterier" kom til i 2002, og var naturleg nok ukjent for Biber. Hvis ikkje hadde han nok komponert 21 sonatar ?

Gledens mysterier (man/lør)
1.Engelen bringer Maria det glade budskap (les gjerne Luk 1,26-38 )
2.Maria besøker Elisabeth (les gjerne Luk 1,39-56 )
3.Jesus blir født i Betlehem (les gjerne Luk 2,1-21 )
4.Jesus blir frembåret i templet (Les gjerne Luk 2,22-38 )
5.Jesus blir gjenfunnet i templet (les gjerne Luk 2,41-52 )
Lysets mysterier (tors)
1.Jesus døpes i Jordan (les gjerne Matt 3,13-17)
2.Jesus står frem under bryllupet i Kana (les gjerne Joh 2,1-12)
3.Jesus forkynner Guds rike og kaller til omvendelse (les gjerne Mark 1,14-15
4.Jesus forklares på berget (Les gjerne Luk 9,28-36)
5.Jesus innstifter nattverden (les gjerne Luk 22,14-20)
Smertens mysterier (tirs/fre)
1.Jesu dødsangst i Getsmane (les gjerne Luk 22,39-44)
2.Jesus blir pisket (les gjerne Joh 19,1)
3.Jesus blir tornekronet (les gjerne Joh 19,2-3)
4.Jesus bærer sitt kors til Golgata (Les gjerne Joh 19,17)
5.Jesus blir korsfestet og dør (les gjerne Joh 19,18-37)
Herlighetens mysterier (bes gjerne ons/søn)
1.Jesu oppstandelse fra de døde (les gjerne Joh 20,1-10)
2.Jesu himmelferd (les gjerne Apg 1,6-11)
3.Den Hellige Ånds komme (les gjerne Apg 2,1-12)
4.Marias opptagelse til himmelen (Les gjerne Åp 11,19-12,1)
5.Marias kroning i himmelen (les gjerne Åp 2,10b)


Under kobling til sonaten som omhandlar Jesu dødsangst i Getsemane :
        
http://www.youtube.com/watch?v=1Vr-qxq-KnA&feature=related


Andrew Manze (fiolin) og Richard Egarr(orgel)  har spelt inn Rosenkranssonatene på Harmonia Mundi i 2002. Omslaget  har med eit sitat frå Georg Herberts(1593-1633) dikt "Easter."

"The Cross taught all wood to resound His name,
        who bore the same.
His stretched sinews taught all strings, what key
Is best to celebrate this most high day."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar