Munkane og den vanlege mann i gata kjempa for å behalda dei religiøse bileta sine. Dei hadde ein sterk alliert i Johannes av Damaskus ( ca 676- 749). Johannes vaks opp i Damaskus som son av ein kristen embetsmann som arbeidde for den muslimske kalifen. Faren sørgde for at sonen fekk ei grundig opplæring i den tidas vitenskap og teologi. Siste delen av livet oppheldt Johannes seg i Mar Saba klosteret i Palestina.
Han var ein produktiv forfattar, mest kjent er hans tre skrifter til forsvar for dei heilage bileta. Johannes argumenterar utfrå skapinga, inkarnasjonen og oppstoda. Han går mot dei som nedvurderar den materielle verda. " Du talar ille om materien og kaller den simpel. Det gjer og manikearane, men Den heilage skrifta seier at den er god, for det står skreve: Gud såg at alt han hadde gjort var godt, ja svært godt."
Han skil mellom "latreia" - tilbeding som berre tilkjem den treeinige Gud og "time"- vørdnad som kan rettast mot heilage ting og personar.
Johannes av Damaskus sine skrifter vart viktige i kampen for dei heilage bileta, og var med på å danna grunnlaget for det som er kalla "Ortodoksiens siger." Han har fått sin plass som ein av dei sentrale kyrkjeferdrene både i den vestleg og austlege kyrkja. Dei heilage bileta - ikon - har ein viktig plass i ortodoks religiøs praksis, men har i moderne tid også fått større og større utbreiing i dei vestlege kyrkjesamfunna.
Arkimadritt Johannes Johansen seier i ei preike på minnedagen for "Ortodoksiens siger": " Av dette ser vi at de hellige ikoner slett ikke bare er noe sært orientalsk fra gammel tid som har overlevd, men er det sanne uttrykk for den kristne grunnlære om at Jesus Kristus er Guds ord som har blitt menneske av kjøtt og blod som Guds Bilde blant oss. Ethvert hellig ikon er en bekreftelse på og forkynnelse av det."
Gudsmor-ikon med dei tre hender. Ifølge legenden skal Johannes av Damaskus som straff ha fått kutta av den handa han skreiv med. Etter at han hadde bede framfor eit ikon av Gudsmor skal handa ha blitt lekt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar