fredag 24. juni 2011

Poetica:St.Hans(Jonsok)

Vei feirar minnedagen for døyparen Johannes. Jonsok eller Jonsvaka som dagen heiter frå gammalt.

Antifon til laudes: Johannes skal være hans navn, og mange skal glede seg over hans fødsel.

Antifon til vesper: Det var en mann sendt fra Gud, hans navn var Johannes.


                                                    

                               Jonsvaka(St.Hans)

                 Dei siste glørne frå bålet
                 dansar seg inn i sommarnatta
                 gjennomskinleg og forklåra
                   som i Nikolai Astrups bilete.
                   Er du så den som skal koma ?
                   røysta vi skal lytta til
                den vi skal følgja over jamne stiar
                inn på beine vegar
                til tonen frå det siste bogedraget
                over felestrengen
                medan vi likevel ventar ein annan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar