Olav H. Hauge har eit dikt om lyrikaren Paul Celan (1920-1970) som grip tak i det sentrale i både diktinga og den tragiske lagnaden hans.
Paul Celan
Innestengt i det svivande
skrymthuset - livet,
med gluggar som kvar
opnar mot
si røynd,
bur me,
lever me,-
samlast flest alle
i den store gluggen,
dette er verdi ,
segjer me.
Ved gluggen din
sat
berre du,-
augo svart
diamant
hjarta
ein blodstein
Kanskje kan de ikke seiast betre? Paul Celan vart fødd i Czernowitz i Bukovina i 1920 av jødiske foreldre.
Han døydde for eiga hand i Paris i 1970. Både livet og diktinga hans var prega av døden,den jødiske døden,
konkretisert ved at begge foreldrene vart drepne av nazistane.Det meste av livet budde han i Frankrike men dikta skreiv han på tysk. Grunnstemninga i diktinga er gjennomgåande mørk, biletbruken er vanskelig tilgjengelig og mot slutten av livet pressar han språket over grensa for det rasjonelt forståelege. Kanskje var det også naudsynt, språket strakk ikkje til for å skildra det tragiske og meiningslause som hadde prega livet hans og til slutt gjorde at han ikkje orka å leva vidare ?
Ospetre er ein sentralt bilete i diktinga hans som i diktet Talglys(Talglicht)
" Ospetre, i mørket blinker løvet ditt hvitt.
Min mors hår ble aldri hvitt.
Løvetann,Ukraina er så grønt.
min blonde mor kom ikke hjem
Regnsky, nøler du ved brønnkanten ?
Min tause mor gråter for alle.
Runde stjerne, du slynger den gyldne sløyfen.
Min mors hjerte ble såret av bly.
Eikedør, hvem løfter deg av hengslene ?
Min milde mor kan ikke komme."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar