lørdag 18. juni 2011

Gunvor Hofmo og Ruth Maier

                 Møte
Slik en regnvåt kveldstund
kjenner du det er henne
en jødisk venninne de drept
hun hvis lik de lot brenne
sammen med tusen andres.

ram stiger lukten fra fjæren.                                                                   
Fuglene klynker alt stille.
Noen ler fjernt gjennom skumring....
Stemmene klinger så mildt
som de har natt i seg.

Du vet bare at hun er her
og ser henne uten å se
og kjenner det brune blikket
legger seg kjølig som sne
over din rådløse sorg.

Og din trang til å skrike,
rase, gråte og be,
slik som en liten unge
får viljen sin gjennom ved,
alt som du smertelig gjemte,                                           
smelter vekk under det.

Du hører den myke stemmen
slik du hørte den sist,
spørrende uten klage,
dempet og underlig trist:
Warum sollen wir nicht leiden
wenn so viel Leid ist ?

Diktet "Møte" står i Gunvor Hofmos(1921-1995) første diktsamling " Jeg vil hjem til menneskene" fra 1946.
Det er som mange dikt i samlinga ei bearbeiding av sorga over hennar jødiske vennine Ruth Maiers død i Auschwitz saman med millionar andre jødiske menn, kvinner og barn. Det er eit sterkt dokument over desse tragiske hendingane. Gunvor Hofmo gav ut fem diktsamlingar fram til 1955, deretter var ho taus inntil 1971 då boka "Gjest på jorden" vart utgjeven. I denne tida var ho prega av alvorleg psykisk sjukdom, og det er imponerande å sjå korleis ho igjen kom på fote og opplevde ein ny svært kreativ periode heilt fram til ho døydde. Gunvor Hofmo blir rekna som  ein av dei mest sentrale norske lyrikarane etter krigen.
Ruth Maier fekk og sitt dokument. Dagboka hennar vart gjeven ut etter initativ frå Jan Erik Vold for eit par år tilbake. Det er ei sterk skildring av ei ung jødisk jente sitt liv som flyktning i Norge før krigen, og etter krigsutbrotet redsla for forfølging og deportasjon inntil den endelege katastrofen 26. november 1942 då norske jødar vart arrestert av norske politifolk og kjørt til fangeskipet Donau.






                    26. november 1942
               
  Tidleg november morgon
   nattemørkret er der enno
   og denne fuktige kulden over alt
   dagen ein ikkje vågar å trø inn i
   no når trikken passerar
   Dalsbergstien
   og tida er desse utrevne minutta
   sekstifem år tidlegare
   når du blir rykt ut av
   svevnens rolege mørkre
   og inn i ei mykje djupare natt
   drosjen som ventar på gatehjørnet
   stille gråt
   dei skuldige hendene som grip deg
   tida som ikkje stoppar
   som om dette er ingenting
   som om alle kan leva som før.
                  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar