torsdag 9. juni 2011

Poetica:Ukjente vener

Dønning (Houle)

"Dere kroer og veier;dere himmelske brakkland
dere bygder som er fanger av årets måneder,
forskremte skoger, kvalt av mose,
dere vekker meg om natten for å spørre meg ut.
Her er en poppel som berører meg med fingeren,
her er et vannfall som synger meg i øret,
en travel bielv som styrter inn i mitt hjerte,
en stjerne hever og senker mine øyelokk,
idet den vet å finne meg blant levende og døde
selv om jeg gjemmer meg i en gresskledt søvn
under drømmens flakkende tak."

Diktet  "Dønning" illustrerar poetens Jules Supervielles (1884-1960) intense oppleving av kropp, sansning og naturen som vi er ein del av. Supervielle er kanskje meir enn mange havets, dødens og einsemdas poet. Han vart fødd i Montevideo, Uruguay av franske foreldre. Han vaks opp foreldrelaus noko som nok sette sine spor i form av ei grunnleggjande kjensle av einsemd og heimløyse. I sitt vaksne liv oppheldt han seg stort sett i Frankrike, og var ytre sett vellukka på alle måtar. Både den franske og latin amerikanske kulturen prega kunstens hans, og ikkje minst det som låg i mellom, det endelause Atlanterhavet. I dikt etter dikt vender han tilbake til havet og dei uttalige båtreisene over havet. Men reisa over havet har også sine anløpsstadar som han stadig og kjem tilbake til, Montevideo, Marseille, Genova og andre. Ein av diktsamlingane har og tittelen : Debarcaderes som er det franske ordet for anløpsstad.
I 1934 kom diktsamlinga "Les Amis inconnus"(ukjente vener). Tittelen slo meg som eit uttrykk for at verda er ein grunnleggande bra plass å vera, vi er overalt og alltid omgjevne av desse ukjente vener. " Il vous nait un ami, et voila qu`il vous cherche."

                                      Ukjente vener.
                                      (til Jules Supervielle) 
                                  Samantrengt i menneskemengda
                                                   du skundar deg opp landgangen
                                                   åleine og likevel saman
                                                   du ser deg ikkje attende no.

                                                   Du står i baugen
                                                   blikket mot horisonten   
                                                   Atlanterhavet slår mot skroget
                                                   dønningane over denne heimlause hinna
                                                   djupet under deg og inni deg
                                                   du pustar forventningas lette andedrag.

                                                   Sceneteppet til sides
                                                   som av ei mykje større hand
                                                   kjølvatnet som ei varm stripe
                                                   åtti år seinare
                                                   førestillinga er di
                                                   du løftar glaset og skålar
                                                   med dei du møtte på veg over havet
                                                   og med alle dei eg aldri skal møta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar