søndag 30. juni 2024

Sein sundagsettermiddag

 Eg les gamle tekstar frå over 30 år tilbake, og festar meg ved denne frå 1991 med utgangspunkt i diktsamlinga « Meditasjonar over Georges de la Tour» av Paal Helge Haugen.

« Sein sundagsettermiddag

dette streif av ufortent lykke

som bryt seg ut av tida

med vengeslag med dyreaugo

med eit elska andlet gjennom den store

stilla lagt til ro bak steinar

smeltande snø barnerøyster

Sein sundagsettermiddag

nokre sekund»

Dette diktet seier litt om mine eigne kjensler akkurat no ( våren 1991). Eg vart  i det heile svært oppglødd over denne diktsamlinga, eg føler mange av dikta talar til meg på ein særskild måte. Kanskje er det avdi dei avspeglar tida og i enno større grad tidløysa? Kanskje er det på grunn av ljoset som er i desse dikta, ljoset frå Georges de la Tours  måleri. Dette tvetydige ljoset, realistisk men samstundes ikkje av denne verda. Så er det mørkre og natta, det forgjengelege, det gåtefulle. Møtet mellom dagen og natta, ljoset og mørkre, mysteriet!

« Skuggen din har vore hos meg

lenge, lik ei søster

som aldri vart fødd

Du som vart tatt ut av tida

lagt ned, felt inn

i det andre

Det skimrande håret ditt

ei linje av hemmeleg  glede

langs nakken, ein famn

av kjærleik som aldri

nådde fram


Tatt ut av tida i ei anna tid

og enda kjenner eg skuggen din

kjenner deg

som den vesle angen av ryllik

frå bronsealdergrava

ein ange som dagen

i dag, høgsommar, ryllik

balsamerte timar

tre tusen år eldre»

Det fortel noko om mine eigne opplevingar av ein varm sommardag langt, langt tilbake.Det er sundag, i mi førestilling er det alltid sundag. Ikkje kva som helst sundag, med « den sundagen». Solljos, små vindpust i enga, forventing og samstundes ro. Vissa om ei tidlaus oppleving.Opplevinga av å ha vore her, denne sundagen i over tusen år, forventninga om å skulla vera her enno tusen år. Smaken av tidløysa, av å oppleva tusen år i eit sekund, og bera det med seg i sitt eige indre.Ein kosteleg skatt!




torsdag 27. juni 2024

Fridom frå sjølvrealiseringstyranniet

 Eg les biskop og kardinal Anders Arborelius bok «Hverdagsmystikk» som nyleg kom i norsk utgåve. Som alltid gjev han klår og gjennomtenkt vegleiing til det moderne splitta mennesket. Han byggjer på heile den karmelittiske tradisjonen og no spesielt på 1600 talls munken Broder Lorens av Oppstoda, hans skrifter « Å leve i Gus nærver» kom og nyleg også på norsk med føreord av biskop Anders.

« Jeg er et splittet menneske.Det er en nøktern påstand og noe de fleste antagelig kan kjenne seg igjen i. Jeg dras mot ulike hold.Livet mitt består av bruddstykker og løse biter. Jeg opplever ikke at jeg er hel. Likevel lengter jeg etter å være hel og få del i DIN helbredelse og DIN hellighet.»

Filosofen Kaja Melsom kom for eit par år sidan med boka  «Den fordømte friheten» med det som er karakterisert  som eit oppgjer med dagens «selvrealiseringstyranni.» Aldri før i historien har vi hatt så stor fridom til å følga ein karriere der vi får realisert alle vår evner og draumar. Vi har blitt tuta øyrene fulle av at vi har fridom til å bli kva vi vil berre vi står på .Det er det spektakuære og unike som gjeld, ikkje det kvardagslivet dei aller fleste av oss likevel må ta til takke med.Ein skal være seg sjølv, ingen kopi, unik i evner og framtoning. Men dette går ikkje i hop, vi blir ikkje unike nok og sit att med nederlagskjensla og enno verre ei grunnleggjande skamkjensle. Ein skal prestera på alle arenaer, yrkeskarriere, fritid, parforhold, familie, samfunnsengasjement og attpåtil kjenna seg lukkeleg. Det går bare ikkje, ein får ikkje det livet ein drøymde om, det vart ikkje den karrieren som skulle løfta ein heilt til toppen. I beste fall vart det eit vanleg liv med oppturar og nedturar, i verste eit liv der alt stoppar opp og ein sit att med psykiske problem, og eit liv som arbeidsufør slik tilfellet er med altfor mange unge i dag.Kaja Melsom har ikkje noko klart svar, men på slutten av boka refererar ho til dei gamle greske tragediane sitt meir realistiske syn på livet.

« Som en motvekt til dagens frihetsideal trenger vi moderne tragedier som advarer oss mot å tro at bare vi  lytter til oss selv og velger «rett», vil vi bli belønnet med et langt og lykkelig liv.Dette er vår tids hybris, som gjør oss hjelpeløse i møte med livets realiteter.»

Dei greske tragediane kan gje oss innsikt, men dei gjev ikkje noko meir. Eg vender tilbake til «Hverdagsmystikk», der ein kan finna samanheng og meining i det nære og kvardagslege. Det er også der vi kan møta ein Gud som talar til oss som ein person, ikkje ei diffus makt!

« Jeg styres ikke av blinde krefter. Jeg blir ikke kastet rundt av stormens bølger. Rolig og stille kan jeg komme tilbake hit, til DEG.»



lørdag 22. juni 2024

Alain Cribier – ein medisinsk pioner

 


Dei fleste fekk nok med seg kong Haralds dramatiske ferietur med heimtransport i ambulansefly, og deretter pacemaker-operasjon. Kongen hadde alt i 2005 -68 år gammal  gjennomgått ein større klaffeoperasjon der det vart sydd inn ein biologisk ventil mellom venstre hjertekammer og hovudpulsåra. Ein slik ventil har avgrensa levetid og det viste seg etter 15 år også i kongens tilfelle. For eit par tiår sidan hadde alternativet vore ein ny stor hjerteoperasjon, eit risikabelt prosjekt på ein eldre person. I dag har vi eit alternativ, gjennom ei åre i lysken kan legen føra eit tynt kateter med ein samanfalda ventil, som så blir blåst opp med ein ballong i rett posisjon. Skånsomt for skrøpelege eldre  som kan vera på beina alt dagen etter, og utskrivast etter eit par dagar. Det var nok langt færre som fekk med seg at han som utvikla denne teknikken – TAVI med eit medisinsk  uttrykk – Professor Alian Cribier ved universitetssjukehuset i  Rouen døydde nyleg 79 år gammal. Ikkje bare kongen med tre millionar andre over heile verda har god grunn til å takka Alain Cribier for fleire år med god livskvalitet.

Professor Alain  Cribier  vart fødd i Paris i 1945, karrieren stod mellom musikk og medisin, han valte det siste men kunne nok og blitt ein dyktig pianist, Som spesialist i hjertesjukdomar såg han

mange med alvorlege klaffefeil der ein hadde lite å stilla opp med. Han byrja å reflektera over om ein kunne hjelpa desse på ein meir skånsom måte enn ved åpen hjertekirurgi, var det mogleg å konstruera ein kunstig ventil som kunne førast inn gjennom blodårene ? Han møtte stor motstand, det er var ikkje teknisk mogeleg og uansett for risikabelt ! Alain Cribier let seg ikkje knekka av motstanden korkje frå kollegaer eller industrien. Etter mange dyreforsøk saman med lojale medarbeidarar var han klar for det første inngrepet på menneske. 16. april 2002 fekk ein svært sjuk 57 år gammal mann som den første ein såkalla TAVI. Det var vellukka og var på mange måtar eit medisinsk kvantesprang. I dag er dette inngrepet rutine på alle store hjerteavdelingar over heile verda, indikasjonen vert gradvis utvida og komplikasjonane færre og færre.

Alain Cribier er blitt karakterisert som ein mann med uvanleg stor omsorg for sine pasientar, men og for sitt team av medarbeidarar, ikkje  minst kollegaer i starten av karrieren. Kanskje var det ikkje tilfeldig at han var inspirert av legen, teologen, musikaren og fredsprisvinnaren Albert Schweitzer som han vart kjent med i ungdommen ? Har dette interesse og overføringsverdi til andre enn dei som sjølv har klaffesjukdom eller jobbar for å hjelpa dei som har det ? Ja det trur eg, for i ei tid der alle store framskritt tilsynelatande skjer gjennom  «team work» og globale  nettverk viser historien til  Alain Cribier at det kreative enkelt menneske som tenkjer nytt og er uthaldande nok, kan løfta verda eit eller fleire hakk oppover. Denne utviklinga ville kome uansett vil mange hevda, ja men kanskje først fleire år seinare, og mange ville då  ikkje fått tilbodet. « A great doctor has  left us, but his work lives on» stod det i minneordet i  European Heart Journal. Tre millionar pasientar og mange kollegaer kan  minnast han i takksemd.

(Innlegg i Dag og Tid 14.juni)





søndag 9. juni 2024

One Life

 Det er snart åtti år sidan avslutninga på Den andre verdskrigen, men framleis dukkar det opp nye historiar, skreve bøker og spelt inn filmar om denne mest dramatiske hendinga i forige hundreår. Nylig hadde den engelske filmen One Life premiere på norske kinoar, filmen er basert på ei bok som dattera til hovudpersonen skreiv for ti år sidan - If It’s not impossible. Regi er ved James Hawes, medverkande mellom anna Antony Hopkins, Helena Carter, Johnny Flynn. Filmen handlar om Nicholas Winton, børsmeklaren som gjorde ein stor humanitær innsats i 1938 - 39, då han bidrog til at 669 barn, dei fleste jødiske vart redda ut frå det naziokkuperte Tsjekkoslovakia. Etter ein tur til Praha kom han i kontakt med  fleire menn og kvinner som var aktive i Den britiske komiteen for flyktningar i Tsjekkoslovakia. Dei mange flyktningane som levde under elendige forhold gjorde eit sterkt inntrykk på han, men ulikt mange andre vart det ikkje med empati, den unge Winton engasjerte seg aktivt med å få desse barna ut av Tsjekkoslovakia og inn i Storbritannia. Tilbake i London byrjar han med god hjelp frå mora, å organisera transport, visa, fosterfamiliar etc. Filmen skildrar korleis Winton og mora jobber energisk for å trenga igjennom byråkratiet. Karakteristisk var mottoet hans: « Hvis noe ikke er mulig må det finnes en måte å gjøre det på.» Dei lukkast å få tog etter tog ut av Praha heilt til krigsutbrotet i september 1939, det siste toget blir stoppa av nazistane, og sannsynlegvis overlevde ingen krigen.

Filmen vekslar tidsmessig mellom 1938 - 39 og slutten av 1980 talet, der den aldrande Nicholas Winton, glimrande skildra av Anthony Hopkins  funderar over om han kunne gjort enno meir for desse barna. Få eller ingen kjenner til hans innsats for flyktningane, knapt hans eigen familie. Dette snur etter 1988 då historien blir presenter i fjernsynsprogrammet  That’s life, der han også møter fleire av barna han redda, no godt vaksne. Det blir ei sterkt emosjonell oppleving for Nicholas Winton. Etter kvart får han den ære og heider han fortener.

Filmen er blitt karakterisert som «et lærestykke i humanisme», det kan ein godt vera samd i. Rett nok risikerte dei ikkje livet slik til dømes Ulma familien som eg tidlegare har skildra, gjorde. Men dei gjorde det som få andre gjorde, dei engasjerte seg, gjorde ein aktiv innsats som dei  ikkje hadde nokon personleg vinning av.Dei var drevne av ei indre overtyding om at ein må hjelpa andre som treng hjelp. Så lenge det finst menneske som Nicholas Winton og Jozef og Wiktoria Ulma er det von!




fredag 7. juni 2024

Festen for Jesu Heilage Hjerte

 

Jesu Hjertefest

Hele juni måned er viet Jesu Hellige Hjerte, men fredag etter Festen for Kristi legeme og blod – Corpus Christi har vi en særskilt fest viet til denne andaktsformen.

Hjertet er et symbol på det innerste i vår personlighet, men det er også et symbol på kjærlighet. Jesu Hellige Hjerte symboliserer den kjærligheten som driver Jesus til å sone verdens synder og gi menneskene nytt liv. Vi ærer hans hjerte på samme måte som vi ærer han høyhellige navn. De første kristne mediterte over Jesu åpne side der vann og blod strømmet ut – symbol på dåpen og eukaristien, men vi kjenner ikke til markering av Jesu  Hjerte før i Middelalderen. På 1600 tallet fikk en nonne i Besøkelsesordenen flere Kristus åpenbaringer, dette førte til en økt utbredelse av andaktsformen også blant vanlige folk. I 1856 innførte pave Pius IX festen for Jesu Hjerte i hele kirken, og i 1899 viet pave Leo XIII hele menneskeheten til Jesu Hjerte. Det mest kjente vitnesbyrdet fra denne perioden er basilikaen Sacre Coeur på Montmartre i Paris, et av de mest fremtredende landemerkene i byen! Flere ordner er spesielt viet til Jesu Hjerte, mellom disse er det Picpus fedrene som vi kjenner best til. Flere prester fra denne ordenen har tidligere virket i St. Ansgar. La oss denne måneden og spesielt denne festdagen tenke over hva Kristi barmhjertighet og kjærlighet betyr for oss i våre liv som katolske kristne!

 (St.Ansgar nytt juni 2024)


Antifon til Magnificat: Herren har tatt oss i favn, inn til sitt hjerte, for han kom sin miskunn  ihu.Halleluja!