lørdag 30. juli 2022

Pave Frans i Kanada

 Pave Frans valfart til Kanada 24 - 29 juli i år hadde som hovudfokus den urett som er blitt påført landets urfolk, inuitar, Metis og First Nation. Reisa hans har vorte karakterisert som « a penitential pilgrimage» - ein botsvalfart. Det har lenge vorte forventa at paven skulle vitja Kanada i form av ei slik botsvalfart. I vår kom representantar for kanadiske urfolk til Vatikanet og det sette fart i den planlagte reisa . Dei hadde med eit par mokasinar som gåve til paven, og som ei symbolsk handling lova han å ta dei med tilbake til Kanada når han vitja landet.

Bakgrunnen  for denne botsvalfarten er tragisk nok, og  ein helings- og forsoningsprosess mellom Kyrkja og urfolka har vore heilt naudsynt. Systemet med « Residential schools» - internat skular for born av urfolk var ei statleg systemet der borna vart tekne frå foreldre og plassert på internat skular langt frå heimen. Målet var å assimilera dei inn i ein vestleg kultur med engelsk eller fransk språk.Dette systemet fungerte heilt frå 1831 til 1997 med eit toppunkt på 1930 talet. Ein reknar at omlag 150.000 born var innom dette skulesystemet. Sjølv om det var statleg var det religiøse samfunn som dreiv desse skulane, ulike protestantiske kyrkjer, men eit fleirtal av dei 139 skulane var katolske,for det  meste drevne av ulike ordenar. At desse borna vart revne opp og framandgjort frå sin eigen kultur var ille nok, enno verre var den omsorgssvikt og mishandling borna vart utsett for, noko som førte til sannsynlegvis fleire tusen dødsfall. Borna vart gravlagt i nærleiken av skulane, mange i umerka graver, og fleire av desse gravplassane har vorte oppdaga dei siste åra.

Pave Frans uttrykte gjentatte  gonger  Kyrkjas bøn om tilgjeving for den urett urfolk har vorte utsett for. Maskwacis er ein liten by eit stykke frå Edmonton.  Før han tala og ba om tilgjeving hadde paven ei stille bønestund ved gravplassen der mange tidlegare elevar låg. Til Maskwacis hadde pave Frans med mokkasinparet han hadde lova å ta med når han vitja Kanada.


The Sacred Heart parish i Edmonton  var og eit mål på pavens rundreise. Dette er ein kyrkjelyd som kan førast tilbake til byrjinga av 1900 talet då mange immigrantar fann sin plass her. Dei siste åra har ein lagt særleg vekt på å integrera urfolk i kyrkjelyden.Kyrkja er utsmykka i tråd med urfolks kulturelle uttrykk, denne kyrkja skal vera ein heim for alle. Eit anna viktig stopp på pavens reise var Lac St.Anne, Sainte Anne de Beaupre,  som er eit viktig pilegrimsmål  for kanadiske katolikkar. Ein misjonsstasjon vart grunnlagt her på midten av 1800 talet. Valfartsstaden er vigd til St.Anne, mor til jomfru Maria og ligg ved ein innsjø som er heilag for urfolket. At det er Jesu bestemor som staden er vigsla til gjev eit sterkt symbolsk bilete , for hos urfolka har bestemødrene ofte ein viktig posisjon. Også her uttrykte paven bøn om tilgjeving og forsoning.

Siste stopp på pavens pilegrimsreise før han returnerte til Vatkanet var den vesle inuit- byen Iqaluit på Baffin Island, hovudstaden i Kanadas nordligaste territorium. Med det var denne botsvalfarten over og vi kan vona og be om at det var eit viktig steg i den prosessen som skal forsona Kyrkja med urfolk som har lidd urett, ikkje berre i Kanada men også i Den tredje verda.





tirsdag 19. juli 2022

Poetica:Brygga

 

Brygga

Den gamle brygga held på å siga i hop

det er sett opp skilt og sperra av

no seint i juni er sollyset blendande

og det grøne meir intenst levande

enn på lenge.

Eg glir lydlaust gjennom stille sjøvatn

inst i denne bukta

som nok held tjue grader eller meir

no i dette lette skiljet

mellom sein ettermiddag og tidleg kveld.

I det fjerne glade røyster i sommarleg prat

brygga er det ingen som bryr seg om

kanskje til neste år ?

Som naustet med ny kledning

og måla i frisk raudfarge

ein gong inneheld det staselege båtar

presten på veg til søndagsmesse eller gravferd.

Ei kjensle av høgtid

sjølv om tida ikkje synest å røra seg

er det likevel  praten og latteren

til ungdomane på brygga,

bilete frå sommaren 1939

enno glade og sorglause.

Eg vassar til land og set meg i solveggen

brygga synest mindre no

kanskje er ho i ferd med å sleppa taket

og gli ut i fjorden

for så å dykka opp i det gamle bilete ?

Eg stryk forventninga med innsida av handa

og ventar litt til, stille utan uro.

Dei har  reist seg no, vinkar smilande

badetøyet er pakka saman 

og om litt er vi alle på veg heim?



,





lørdag 16. juli 2022

Vår Frue av Karmelberget

 I dag 16.juli er minnedagen for Vår Frue av Karmelberget, ein minnedag for Jomfru Maria som i Karmelittordenen har ein heilt spesiell posisjon som ordenens evige vern og forbedar. Ordenen kan førast tilbake til eremittar som slo seg ned på Karmelberget på 1100 talet, der profeten Elia iflg.tradisjonen skal ha opphalde seg. I 1209 vart ordensregelen godkjent av Albert av Jerusalem, og seinare stadfesta av paven. På 1200 talet måtte munkane flykta då muslimane igjen overtok Palestina, dei kom til Europa og England og Frankrike vart tyngdepunktet. Første generalkapittel vart halde i Aylesford i Kent der Simon Stock vart valgt til ordensgeneral. Det er og Simon Stock dagen i dag knyter seg til, han skal 16.juli 1251 ha hatt ein visjon av Jomfru Maria der han opplevde at ho gav han det brune skapularet. Minnedagen blir difor også rekna som ein skapularfest. Simon Stock grunnla eit brorskap knytt til skapularet, det vart Karmels tredje orden, som vi i dag kjenner som sekularkarmelittar. Saman med søstre og brødre utgjer det den karmelittiske familie som alle er under Jomfru Marias vern.

Antifon til Magnifikat: I dag er Jomfru Maria blitt gitt oss til mor. I dag har hun vist oss sin miskunn. I dag synger hele Karmel av fryd mens vi feirer festen for henne som har gitt oss navn.



mandag 4. juli 2022

Fjelltoppen

 Det har til alle tider vore noko spektakulært å stå på ein fjelltopp, ein får brått eit vidt syn, eit oversyn ein ikkje hadde nede i låglandet. Ikkje utan grunn fekk fjelltoppane religiøs tydnad, inkaindianarane ofra til sine gudar på de i mange tusen meter høge toppane i Andesfjella, Moses får steintavlene av Herren på Sinai-fjellet, for buddistane i Nepal var dei over 8000 meter høge fjella heilage, i mange land finn ein krusifiks og små kapell på fjelltoppar!

Ein tur til Malmangernuten 889 moh. blir i dette perspektivet eit beskjedent bidrag. Ikkje er fjellet heilagt, ikkje spesielt høgt heller, og ein går på merka og tilrettelagt sti, men utsynet er vidt og den gode kjensla når ein står ved varden på toppen etter å ha slete eit par timar i sommarvarmen, er der! 

Emily Dickinson var nok ikkje på mange toppturar, men ho skreiv dikt om fjella somså mykje anna.

The mountain sat upon tha plain

In his eternal chair ,

His observation omnifold,

His inquest everywhere.


The seasons prayed around his knees,

Like children round a sire:

Grandfather of the days is he

Of dawn the ancestor.









Hans Børli skreiv mange naturdikt, ja naturen var hans store inspirator. Mange skogsdikt, men ikkje fjelldikt, kanskje ikkje så rart sidan det er mest skog men lite fjell på Eidskog! Men den religiøse naturkjensla er han ein mester til å skildra som i diktet « Jeg satt på ryggen til skogsuset».

Jeg satt på ryggen til skogsuset.

Gjømte meg i den linne låta

av lauv og bar,

greiner som rørte seg mjukt i vinden

lik store vinger.

Og skogsuset løftet meg så høgt

at stjernene strauk meg over håret

med ømme lyshender,

ja, så svimlende høgt var jeg at

jeg hørte Gud røre på seg og puste

oppå himlingen over hue på meg.


Men noen fuglekonge

ble jeg aldri.


lørdag 25. juni 2022

Det är vackrast när det skymmer

 Den svenske forfattaren Pär Lagerkvist (1891- 1974) er også ein eg vender tilbake til med ujamne mellomrom. Ikkje avdi han gjev svar, dei finn eg andre stadar, men avdi han stiller dei store spørsmåla, og avdi han kjenner på lengt og uro i møte med dette underlege tilveret. Hans romanar og sjølvbiografi som eg las for mange år sidan, men framfor alt hans poesi. Han er ein av dei store i verdslitteraturen,og fekk såleis  nobelprisen i 1951. Såvel i lyrikken som i romanane er det dei store eksistensielle spørsmåla som opptek han. Den Gud som han tilsynelatande ikkje trur på, men som likevel ikkje slepp taket i han! ” Vem gick förbi, förbi i den djupa barndomsnatten och lämnade mig övergiven för evigt” spør han i eit dikt i den siste diktsamlinga Aftonlandet. Men han som gjekk forbi etterlot seg teikn,” alle rymder är fyllda av hans hemliga tecken”, men vi har ikkje blitt gjeve ein nøkkel for å tyda desse teikna! ” O väldiga, varför lär du oss inte läsa din bok.”  I diktet der han gjekk forbi i den djupe barndomsnatta etterlet han seg teikn rissa inn i doggen på vindaugsruta, men ” det stod kvar en stund, men inte tilräckligt länge för at jag skulle kunna tyda det. Evigheters evighet skulle inte ha räckt til för at tyda det.”

I dei förste diktsamlingane er den eksistensielle angsten tydelegare, og karakteristisk nok har debut- samlinga frå 1916 tittelen Ångest. ” Ångest, ångest er min arvedel.” Men blant dei förste dikta finn vi og det vakre og kanskje mest kjende diktet: ” Det är vackrast när det skymmer.”

Det är vackrast när det skymmer.

All den kärlek himlen rymmer

ligger samlad i ett dunkelt ljus

över jorden 

över markens hus.


Allt er ömhet, allt er smäkt av händer.

Herren själv utplånar fjärran stränder.

Allt er nära, allt er långt ifrån.

Allt er givet

människan som lån.


Allt er mitt, och allt skal tagas från mig.

Inom kort skal allting tagas från mig.

Tråden, molnen , marken där jag går.

Jag skal vandra -

ensam, utan spår.


I ” Den lyckliges väg” og ”Hjärtats sånger” er det ein lysare tone og fleire vakre kjärleiksdikt. I ” Hemmet och stjärnan” er det det nære og kjære som er tema, heimbygda, heimlandet, liv og död blant  enkle og gudfryktige folk i bygder og øyer. Den siste diktsamlinga Aftonlandet kom i 1953, men han skreiv fleire romanar etter det. Her er det igjen dei store spörsmåla som opptek han, våre korte liv der vi søkjer etter ei meining, og den løynde gud som ikkje gjev svar. Men han verkar likevel meir forsona med lagnaden enn som ung debuterande diktar.

Engång skal du vara en av dem som levat för längesen,

Jorden skal minnas dig så som den minns gräset och skogarna,

det multnade lövet.

Så som myllan minns

och så som bergen minns vindarna.

Din frid skal vara oändlig så som havet.


Slik er lagnaden for alle også for diktaren som døydde i 1974 som ein gammal mann, det er snart femti år sidan. Femti år - lenge sidan for mange men ikkje for alle !




torsdag 23. juni 2022

Tida og alderdomen

 "Tida er inne " er tittelen på ei diktsamling Knut Ødegård (f. 1945) som vart utgjeve i 2017. Han er ein produktiv forfattar som debuterte alt i 1967. Han er ein av dei norske forfattaren som er mest omsett, visstnok meir enn førti språk. Det er som lyrikar han er mest kjend, men han har og skrive barnebøker, essay, ein roman og ikkje minst gjendiktingar frå ulike språk, framfor alt islandsk og færøysk. Knut Ødegård er sterkt inspirert av den gamle norrøne diktinga, og han har gjendikta den gamle Edda- diktinga. Han skriv om kjærleik og svik, tru og tvil, liv, alderdom og død, ikkje minst har han eit varmt hjarta for dei som fell utanfor,tyskerbarn, psykisk utviklingshemma, psykiatriske pasientar, offer for misbruk og mishandling, her er han ikkje redd for å gå inn på dei mest tabuprega sidene ved tilveret.

Tida har eg alltid vore oppteken av, men etter som ein vert eldre får tida ei annleis tyding enn tidleg i livet. Eg opplever at Ødegård set ord på denne opplevinga. Det nærmar seg slutten av yrkeslivet, kullsamling nyleg og fleire av dei eg studerte med hadde blitt pensjonistar eller var i ferd med å bli det. Det same med henne eg er gift  med som hadde sin siste dag på jobb i går! Folk døyr, også dei som er litt yngre enn meg, sist vår avdelingsleiar for eit par veker sidan. « Vi byrja tala om døden i går.Litt brydd.Slo det frå oss straks.» (Snart der)  « Dagane våre mindre hendingsrike no, kjære. Vil eldest umerkeleg: Eg skrumpar inn….»

Kva er det så med denne tida som ein gong låg som ei endelaus slette framom oss, men som så smalnar meir og meir inn, vi er på oppløpssida  !  Tittelen på diktsamlinga er «Tida er inne» men både innleiings- og avslutningsdiktet avsluttar med at « Tida er ute». Innleiingsdiktet avsluttar med: « …held eit skrikande nyfødd barn på scena medan Tida  bøyer seg for applaus.Så er Tida ute.» Det siste diktet sluttar og med: «Og så er tida ute.» Men det kjem noko i tillegg: « Kyrie eleison.Kyrie eleison.»  

Eg finn noko av det same i « Skrift av lys» i «Det blomstra så sinnsjukt»:

« Dagslyset  så tynt og forpint i januar.

Men når nattemyrkret strøymer blåsvart inn frå alle kantar

i denne isgråe vinteren

Tennest stjernehimmelen over oss.»

Litt lenger ute i diktet:

« Då høyrde vi ein song som steig ut

Or det bylgjande nordlyset: Miserere miserere

under denne blåsvarte vinterhimmelen,…»

For kanskje er det likevel slik at det er «ei stor miskunn i denne forfrosne verda», ei miskunn som viser seg når tida er ute og lukkar seg for godt?




onsdag 22. juni 2022

Kva Paulus sa og gjorde.

 

Underordning, kva sa og gjorde Paulus ?

Sofie Brauts ytring om underordning i ekteskapet utløyste eit skred av kommentarar inkludert ein politikar som Abid Raja. Eg sit att med to inntrykk, for det første er det i dag vanskeleg  å bli teken på alvor dersom ein hevdar eit konservativt kristent synspunkt, for det andre støttar Paulus ein «underordningstankegang» og sånn sett er han kvinneundertrykkande, men kan  bli gjenstand for «sannferdig nytolking». Det første er eit ikkje overraskande faktum, når det gjeld det andre er det kanskje  meir fruktbart å sjå på Paulus handlingar enn enkelt setningar i skriftene hans ?

Den antikke kulturen der kristendomen  oppstod var eit paternalistisk samfunn der kvinner hadde lite og ingenting dei skulle ha sagt. Det gjaldt særleg den greske kulturen, i litt mindre grad den romerske og jødiske. Jesus braut fundamentalt med dette på den måten han møtte både kvinner og menn. Les ein Apostelgjerningane og Paulus brev litt nøye ser ein at han har same respekt for dei kvinnene  han møter som sin Herre og Meister. Eg har bete meg merke i to skriftstadar som støttar dette.  I Apostelgjerningane 16. les vi om Paulus og Timoteus som kjem til Filippi, dei går utanom bymuren og ned til elva,  dei set seg ned med kvinnene som oppheld seg der og talar med dei. Dei vert kjent med Lydia som bed dei heim til seg, og seinare vert både ho og huslyden døypt. I slutten av Romarbrevet er det ein liten detalj som understrekar det same. Paulus helsar «Føbe, syster vår», ho er diakon og har vore til stor hjelp for mange inkludert Paulus. Vi ser at Paulus samarbeider tett med kvinner i kyrkjekydane, han møter dei med respekt og lyttar til dei. Dette synest å bryta  fundamentalt med datidas syn på kvinnas stilling.

Det er eit historisk faktum at kvinner var i stort fleirtal blant dei første kristne. Det er fleire grunnar til det men, professor Rodney Stark peikar på eit viktig poeng når han skriv: « Kvinner vart i særleg sterk grad trekt mot kristendomen fordi dei der fekk tilbod om eit liv som var så overlegent betre enn det dei elles ville ha levd».(The Triumph of Christianity).

Dette blir eit apropos til debatten om underordning i ekteskapet, men det er eit aspekt eg har savna både i denne debatten og tidlegare ordskifte om Kristendomen som kvinneundertrykkande. Det reiser fleire spørsmål eg kunne  tenkt meg å få teologiske refleksjonar over. Bør vi ikkje slutta å fokusera på setningar som at kvinner skal tia i forsamlinga og heller fokusera på kva Paulus gjorde i praksis? Det blir då nærliggjande åspørja om Paulus var ein av dei store kvinnefrigjerarane i historia ?  Det fører logisk til eit enno større men og meir sensitivt spørsmål: Kan vi i det heile sjå dagens kvinnefrigjering og likestilling uavhengig av ein jødisk-kristen kontekst ?

Frode Thorup,

Kardiolog med interesse for teologi

 (lengre versjon av innlegg i Vårt Land 23.juni)