Brygga
Den gamle brygga held på å siga i hop
det er sett opp skilt og sperra av
no seint i juni er sollyset blendande
og det grøne meir intenst levande
enn på lenge.
Eg glir lydlaust gjennom stille sjøvatn
inst i denne bukta
som nok held tjue grader eller meir
no i dette lette skiljet
mellom sein ettermiddag og tidleg kveld.
I det fjerne glade røyster i sommarleg prat
brygga er det ingen som bryr seg om
kanskje til neste år ?
Som naustet med ny kledning
og måla i frisk raudfarge
ein gong inneheld det staselege båtar
presten på veg til søndagsmesse eller gravferd.
Ei kjensle av høgtid
sjølv om tida ikkje synest å røra seg
er det likevel praten og latteren
til ungdomane på brygga,
bilete frå sommaren 1939
enno glade og sorglause.
Eg vassar til land og set meg i solveggen
brygga synest mindre no
kanskje er ho i ferd med å sleppa taket
og gli ut i fjorden
for så å dykka opp i det gamle bilete ?
Eg stryk forventninga med innsida av handa
og ventar litt til, stille utan uro.
Dei har reist seg no, vinkar smilande
badetøyet er pakka saman
og om litt er vi alle på veg heim?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar