torsdag 23. juni 2022

Tida og alderdomen

 "Tida er inne " er tittelen på ei diktsamling Knut Ødegård (f. 1945) som vart utgjeve i 2017. Han er ein produktiv forfattar som debuterte alt i 1967. Han er ein av dei norske forfattaren som er mest omsett, visstnok meir enn førti språk. Det er som lyrikar han er mest kjend, men han har og skrive barnebøker, essay, ein roman og ikkje minst gjendiktingar frå ulike språk, framfor alt islandsk og færøysk. Knut Ødegård er sterkt inspirert av den gamle norrøne diktinga, og han har gjendikta den gamle Edda- diktinga. Han skriv om kjærleik og svik, tru og tvil, liv, alderdom og død, ikkje minst har han eit varmt hjarta for dei som fell utanfor,tyskerbarn, psykisk utviklingshemma, psykiatriske pasientar, offer for misbruk og mishandling, her er han ikkje redd for å gå inn på dei mest tabuprega sidene ved tilveret.

Tida har eg alltid vore oppteken av, men etter som ein vert eldre får tida ei annleis tyding enn tidleg i livet. Eg opplever at Ødegård set ord på denne opplevinga. Det nærmar seg slutten av yrkeslivet, kullsamling nyleg og fleire av dei eg studerte med hadde blitt pensjonistar eller var i ferd med å bli det. Det same med henne eg er gift  med som hadde sin siste dag på jobb i går! Folk døyr, også dei som er litt yngre enn meg, sist vår avdelingsleiar for eit par veker sidan. « Vi byrja tala om døden i går.Litt brydd.Slo det frå oss straks.» (Snart der)  « Dagane våre mindre hendingsrike no, kjære. Vil eldest umerkeleg: Eg skrumpar inn….»

Kva er det så med denne tida som ein gong låg som ei endelaus slette framom oss, men som så smalnar meir og meir inn, vi er på oppløpssida  !  Tittelen på diktsamlinga er «Tida er inne» men både innleiings- og avslutningsdiktet avsluttar med at « Tida er ute». Innleiingsdiktet avsluttar med: « …held eit skrikande nyfødd barn på scena medan Tida  bøyer seg for applaus.Så er Tida ute.» Det siste diktet sluttar og med: «Og så er tida ute.» Men det kjem noko i tillegg: « Kyrie eleison.Kyrie eleison.»  

Eg finn noko av det same i « Skrift av lys» i «Det blomstra så sinnsjukt»:

« Dagslyset  så tynt og forpint i januar.

Men når nattemyrkret strøymer blåsvart inn frå alle kantar

i denne isgråe vinteren

Tennest stjernehimmelen over oss.»

Litt lenger ute i diktet:

« Då høyrde vi ein song som steig ut

Or det bylgjande nordlyset: Miserere miserere

under denne blåsvarte vinterhimmelen,…»

For kanskje er det likevel slik at det er «ei stor miskunn i denne forfrosne verda», ei miskunn som viser seg når tida er ute og lukkar seg for godt?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar