søndag 29. august 2021

Treng kyrkja meir "nyåndelighet"?

 Innlegg i Vårt Land 28. august som svar på reportasje 21. august:" Etterlyser mer nyåndelighet i kirken."


Treng kyrkja meir «nyåndelighet»?

I Vårt Land 21.august  etterlyser prest Silje Trym Mathiassen ei kyrkje som er meir open for dei nyandelege retningane. Mange er i dag rotlause og  andeleg søkjande, dei opplever ofte at dei ikkje finn det dei søkjer i etablerte religiøse forsamlingar. Sånn sett har ho eit viktig poeng, men spørsmålet er om dei finn det dei er på leit etter i desse nyreligiøse retningane som ofte er ei blanding  av austleg religion, sjamanisme, alternativ medisin og ulike sjølvrealiserings-teknikkar ?

Kanskje må ein heller flytta perspektivet frå samtida til fortida og kristendomens rike andelege tradisjon like frå oldkyrkja til i dag ? Dagens effektive, rasjonalistiske og materialistiske samfunn har  langt på veg tapt den indre verda. Det gjeld også kyrkja som i stadig større grad legg vekt på det ytre, det å vera ein aktør i politikk og samfunnsdebatt. Samfunnsengasjementet er i og for seg ikkje negativt, men det er ikkje den kristne kyrkjas primære oppgåve. Ein kan då like godt engasjera seg i politiske parti eller organisasjonar som Røde Kors eller Amnesty, og mange gjer også det. Det er nok tilfredsstillande  for « de gudløse stolte, som ikkje har trang til mystikk» som Rudolf Nilsen skreiv, men kva med dei som har trong for mystikk? Kanskje søkjer dei frå den eine nyreligiøse retninga til den neste utan heilt å finna det som kan fylla det indre  tomromet. Det paradoksale er at kristendomen har ein rik spirituelle tradisjon som for dei fleste er ukjent land. Ei kyrkje utan metafysikk, utan undring og mysterium, utan  bøn og mystikk er dømt til gradvis å mista sin relevans. Det som trengst er ikkje meir «nyåndelighet», men å søkja tilbake til kristendomens  andelege røter. Eit rikt indre liv fører heller ikkje ytre passivitet, ofte tvert imot, to av dei beste døma på det er Hans Nielsen  Hauge og Birgitta frå Vadstena!



 


mandag 23. august 2021

Cathedral Saint Pierre

 

"La Cathédral de Lisieux Saint-Pierre est construit pendant Le Moyen Âge. C`est seulement une petite promenade de Buissonnets à  Saint-Pierre, et c`est le lieu où Thérèse a le plus participé à la vie de l`église locale pendant sa jeunesse. Pendant notre visite à Lisieux nous avons fait  cette promenade apres avoir participé à la Eucharistie dans Saint-Pierre, imaginant que Thérèse et sa famille soient la avec nous.

Thérèse s`est rendue à la Cathédral  avec son pére et ses soeurs tous les dimanches et souvent aussi en semaine. Ils assistent fréquent à la celebration des messes. La messe en semaine est célébré dans Chapelle de la Vierge, une chapelle absidiale  de l`èglise. C`est aussi dans cette chapelle que Thérèse a prié pour la conversion du criminel Pranzini. Il est un meurtrier qui est condamné à mort. Il ne s`etait pas confessé , mais just avant l`execution  «saisi d`une inspiration  subite, il se retourne, saisit un Crucifix que lui présentait le prêtre et baise par trois fois ses plaies sacrées!» Thérèse a demandé un signe et elle a obtenu un signe. Elles a ecrit: «J`avais obtenu  «le signe» demandé et ce signe était la reproduction fidèle de grâces que Jesus m`avait faites pour m`attirer à prier pour les pêcheurs.»

Sainte Thérèse a prié pour Pranzini, c`est  1887 et elles a 14 ans. Mais elle ne cesse pas de prier, Thérèse prie chaque jour pour tous les pêcheurs du monde."


Innlegg på fransk facebook  gruppe for Den heilage Therese av Jesusbarnet.

Katedralen Saint Pierre i Lisieux  var familien Martins sognekyrkje. Det var berre ein kort spasertur frå heimen deira Les Buissonnets til katedralen. Her gjekk Therese med faren og søstrene kvar søndag og ofte også på kvardagar. Vi gjekk denne korte vegen under vår vitjing i Lisieux for tre år sidan. Vi såg for oss at vi gjekk der i lag med familien Martin!

Kvardagsmessene vart feira i eit side kapell vigd til Jomfru Maria. Det var også her Therese ba for mordaren Pranzini. Ho ba om eit teikn og fekk det. Rett før han skulle henrettast i giljotinen bøygde han seg og kyssa sårmerka på eit krusifiks som presten gav han!

Dette var i 1887, Therese var 14 år. Ho ba for denne forbrytaren, men ho slutta ikkje å be, ho held fram å be kvar dag for alle syndarar.

 





mandag 9. august 2021

Lullaby

 Frå diktsamlinga "The Wild Iris" av nobelprisvinnaren Louise Gluck er denne vakre "Lullaby":


Time to rest; you have had

enough excitement for the time being.


Twilight, then early evening. Fireflies

in the room, flickering here and there, here and there,

and summer`s deep sweetness filling the open window.


Don`t think of these things anymore.

Listen to my breathing, your own breathing

like the fireflies, each small breath

a flare in which the world appears.


I`ve sung to you long enough in the summer night.

I`ll win you over in the end; the world can`t give you

this sustained vision.


You must be taught to love me. Human beings must be

      taught to love

silence and darkness.




Minnedagen for Edith Stein

 Vi feirar i dag minnedagen for karmelittnonna og martyren Edith Stein (1891-1942), ho tok klosternavnet  Teresa Benedikta av Korset ocd. 9. august er sannsynlegvis dagen ho døydde i gasskammeret i Auschwitz saman  med søstera Rosa og tallause andre jødar.  Hennar jødiske bakgrunn førte til at ho vart arrestert i karmelittklosteret i Echt i Nederland  i byrjinga av august for snart åtti år sidan. 26.juli hadde dei katolske biskopane i Nederland kome med eit hyrdebrev der dei fordømte  nazistanes jødeforfølging. Dette førte til at også katolikkar med jødisk bakgrunn vart ført til dødsleirane. Søstera Rosa var redd og fortvila, men Edith skal ha trøsta henne med orda:" Kom, vi går for vårtt folk."

Edith Stein vart saligkåra i 1987 og helgenkåra i 1998. I 1999 utnemde pave Johannes Paul henne til skytshelgen for Europa saman med Katarina av Siena og Birgitta av Vadstena.

"Det er ikke i  alle tidsepoker  at et skrekkherrevelde gir oss muligheten til å legge hodet på blokken for vår tro og vårt ordensideal  slik vi ser det hos kamelittinnene i Compiegne. Men enhver som trer inn i Karmel, må fullt og helt utlevere seg til Herre."



Kunstnarar med motiv frå Setesdal

 Inspirert av utstillinga "Setesdal i biletkunsten" i Valle i sommar har eg skreve eit lite innlegg i siste nummer av "Dag og Tid".

Tre favorittar: Kunstnarar med motiv frå Setesdal. 1. Olaf Isaachsen (1835-93) Det var ikkje vanskeleg for dei nasjonalromantiske kunstnarane å finna motiv i Setesdal. Fearnley, Eckersberg og Tidemand var som snarast innom og måla eit par bilete med motiv frå Setesdal, men Olaf Isaachsen vendte tilbake gong etter gong og levde seg inn i kulturen og folkelivet i dalen. Han var frå Mandal, elev av Tidemand og utdanna i Düsseldorf og Paris. Isaachsen var nasjonalromantikar, men kunsten hans fekk etter kvart eit meir impresjonistisk preg. 2. Lars Osa (1860-1958) Han kom frå Ulvik i Hardanger, og var utdanna i København og Paris. Han kom første gong til Setesdal i 1894,og budde der i fleire år før hans slo seg ned på Voss i 1917. Han var oppteken av vår nasjonale kulturarv både i musikk, dikting og biletkunst, i Setesdal fann han denne kulturen i si mest opphavelege form. Lars Osa skildra kulturen og dagleglivet i dalen, men og dei store livshøgtidene som bryllaup, barnedåp og gravferd. Han var og kjent som ein dyktig portrettmålar og ein dugande felespelar. Son hans var den kjende folkemusikaren Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-90). 3. Reidar Fritzvold (1920 – 98) Han kom frå Oslo og var utdanna ved Statens kunstakademi. Han er framfor alt kjent som landskapsmålar i ein ekspresjonistisk stil. Omkring 1950 sykla han opp Setesdal til Bykle og fekk etter det ein livslang dragning mot naturen og folket der. Fritzvold oppheld seg mest i Bykle og skildra naturen i ei rekkje storslåtte kunstverk. Mange av motiva er i dag borte, demt ned i samband med den store kraftutbygginga på 1960 talet. Samlinga prydar i dag kommunestyresalen i den vesle fjellkommunen 




søndag 4. juli 2021

Tvilaren Thomas

 3.juli feirar vi minnedagen for apostelen Thomas. Han vart tidlegare minna 21. desember  og det er her han er avmerka på primstaven. Etter kalenderrevisjonen i 1969 minnest vi han 3. juli. Vi veit ikkje så mykje om han utover  evangelietekstane og i dei synoptiske evangelia er han berre nemnt i apostellistene. I Johannes evangliet finn vi desto meir om Thomas, han var tilstades då Jesus vekte opp Lasarus men mest kjent er teksten frå Johannesevangeliet  20. kapittel der Thomas tviler på oppstoda men møte med Jesus overtyder han. Tvilaren Thomas er det nok mange som kjenner seg att i , vi trur meir eller mindre sterkt men tvilar kanskje vel så mykje. Vi har ikkje noko prov i form av eit møte med den lekamleg oppstandne Jesus og vil nok heller ikkje få det. Med unntak av visjonere som den heilage Birgitta av Vadstena, høyrer vi alle  til dei som må tru utan så sjå . Men vi høyrer til ei kyrkje, eit fellesskap  som støttar oss i denne trua. Ja vi tvilar og trua kan kjennest svak og nesten fråverande, då kan vi lita på at det er millionar andre som trur desto sterkare og som ber for dei som vaklar i trua.

Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom. 25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
 
Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

Det er ikkje historiske kjelder som gjev opplysningar om Thomas utover det som står i Johannesevangeliet, men i flg. ein dominerande tradisjon skal han ha reist som misjonær til India og forkynt evangeliet der. Dei thomaskristne på Malabarkysten i Kerala i  India fører tradisjonen sin tilbake til rundt år 50 då Thomas skal ha kome til India. 1900 års jubileet vart høgtida i 1952. Dei var ukjente inntil 700 talet då dei kom i kontakt med Den assyriske kyrkja og vart lagt inn under den. På 1500 talet kom jesuittiske misjonærar til Kerala og dei thomaskristne vart lagt inn under Den katolske kyrkja. Seinare har dei vorte splitta i ei rekkje ulike retningar der  den katolske Syro-malabariske kyrkja er den største med omlag 4 millionar medlemmer. Dei føl kaldeisk liturgi og nyttar syrisk eller malayalam som liturgisk språk.








2013 Aylesford i Kent. Mitt møte med dei syro-malabariske katolikkane og deira fargerike og høglytte feiring av ein lokal helgen.


fredag 2. juli 2021

Kolbein Falkeid til minne

 Poeten Kolbein Falkeid døydde 27. juni døydde 27. juni 87 år gammal.  Herborg Kråkevik skriv i eit minneord i Dag og Tid : "Min kjære ven Kolbein Falkeid  døydde denne veka", og kanskje er vi mange som  kjenner det slik, ein kjær ven som gav oss så mykje gjennom dikta sine. Sjølv om han no er borte etterlet han seg så mykje å gleda seg over.

Kolbein Falkeid nådde langt ut med dikta sine, lengre enn dei fleste poetar,  kan hende med unntak av Hans Børli, Olav H. hauge og Rolf Jacobsen. Hans samarbeid med visegruppa Vamp var nok viktig i denne samanheng, men kanskje framfor alt det at han skreiv gode dikt som folk flest kunne kjenna seg igjen i. Han skreiv om livet og ikkje minst døden, han skriv om barn og barnebarn, om glede og den djupaste sorga ein kan oppleva, tapet av eit kjært barn. Mange opplevde nok at han sette ord på deira kjensler.

No har han også klart det han han skriv om i diktet til sin døde vener: "Det klarte det" (frå Vind,Eple)

Venner dør.

Som stearinlys

ennå med flammene troskyldig

fulle av fremtid

gripes de mellom fuktige

tommel- og pekefingre.


Og til slutt i diktet:

De klarte det

selv om de knapt var fromme

som stjernebilder.

Det ble ikke tid

til spørsmål om mot eller feighet.

Uansett

klarte de det.

Kanskje er det heller ikkje det verste å vera den første eller den neste som legg ut på denne siste reisa, men den siste som hans skriv om i diktet "Den første" om Eva som er den første som døyr i "flokken av fint sammensydd gammelt vennskap"

Det verste

er ikke å være nestemann ut på reisen din,

men heller ikke den andre

men den siste.

Og måtte snakke med seg selv

på et nedsnødd

vinterspråk.


I 1989 kom diktsamlinga "En annen sol"  der temaet var dotteras tidlege og tragiske dødsfall. Boka gjorde han for alvor til ein av våre meste avhaldne lyrikarar.

Latteren din må være et sted.

Lyd går ikke så fort. Langt borte

er den blå, nesten umerkelige godversdønninger.

Så hvis jeg skyndte meg,

kunne jeg kanskje finne en fjern strand.

sette meg i solskinnet der

og ta imot dem.


Lyset i øynene dine

er også et sted. Lys

er alltid underveis. Selv fra slukte stjerner

vedblir lyset å stupe gjennom uendelige rom.

Jeg misunner alt som er vårdag om tusen år

plirer mot smilet ditt


Denne store sorga  ligg under mykje av det han skreiv seinare og i den siste diktsamlinga han fekk ferdig "Øyet og virkeligheten " frå 2014 kjem  det fram i diktet "Fotografiet"

Jeg har hengt det slik at jeg ikke kunne unngå

å se det. En bør

som bare blir tyngre for hvert år,

nesten ikke til å bære nå

i de siste motbakkene mine. Jeg har

hengt det akkurat der for ikke å glemme

den siden av meg selv

som jeg ldri  kan gå utenom. Litt

svovel på øyelinsene som skal svi og svi,

etse uopphørlig.

Jeg har villet det slik.


No er han kome over "de siste motbakkene"  og "Det er ikke så farlig lenger":


Det er ikke så farlig lenger.

Ingenting er så farlig lenger, for meg i det minste.

Klart det ikke er så farlig lenger.

Jeg er åtti år og naturligvis

er det ikke så farlig lenger.

Jeg skrev en gang om en gravstein i Rosendal,

om en pike som fullførte livet på åtte dager

bedre enn mange fullfører den på åtti år.

Så hva er det jeg sutrer for.


I "En annen sol" er det eit lengre dikt med tittelen "Innsikter". Her finn eg ei line som høver som avslutning:

"  slik vet menneskene det vesentligste: At vidder omgir tilværelsens ugjennomsiktige vegger."

No er poeten  gått gjennom desse veggane og ut på dei store viddene, vi skal enno ei kort stund halda oss innandørs verna av skjøre  veggar, men vi kan lesa poesi som stundevis gjev eit lite glimt ut på dei uendelege viddene.