søndag 29. august 2021

Treng kyrkja meir "nyåndelighet"?

 Innlegg i Vårt Land 28. august som svar på reportasje 21. august:" Etterlyser mer nyåndelighet i kirken."


Treng kyrkja meir «nyåndelighet»?

I Vårt Land 21.august  etterlyser prest Silje Trym Mathiassen ei kyrkje som er meir open for dei nyandelege retningane. Mange er i dag rotlause og  andeleg søkjande, dei opplever ofte at dei ikkje finn det dei søkjer i etablerte religiøse forsamlingar. Sånn sett har ho eit viktig poeng, men spørsmålet er om dei finn det dei er på leit etter i desse nyreligiøse retningane som ofte er ei blanding  av austleg religion, sjamanisme, alternativ medisin og ulike sjølvrealiserings-teknikkar ?

Kanskje må ein heller flytta perspektivet frå samtida til fortida og kristendomens rike andelege tradisjon like frå oldkyrkja til i dag ? Dagens effektive, rasjonalistiske og materialistiske samfunn har  langt på veg tapt den indre verda. Det gjeld også kyrkja som i stadig større grad legg vekt på det ytre, det å vera ein aktør i politikk og samfunnsdebatt. Samfunnsengasjementet er i og for seg ikkje negativt, men det er ikkje den kristne kyrkjas primære oppgåve. Ein kan då like godt engasjera seg i politiske parti eller organisasjonar som Røde Kors eller Amnesty, og mange gjer også det. Det er nok tilfredsstillande  for « de gudløse stolte, som ikkje har trang til mystikk» som Rudolf Nilsen skreiv, men kva med dei som har trong for mystikk? Kanskje søkjer dei frå den eine nyreligiøse retninga til den neste utan heilt å finna det som kan fylla det indre  tomromet. Det paradoksale er at kristendomen har ein rik spirituelle tradisjon som for dei fleste er ukjent land. Ei kyrkje utan metafysikk, utan undring og mysterium, utan  bøn og mystikk er dømt til gradvis å mista sin relevans. Det som trengst er ikkje meir «nyåndelighet», men å søkja tilbake til kristendomens  andelege røter. Eit rikt indre liv fører heller ikkje ytre passivitet, ofte tvert imot, to av dei beste døma på det er Hans Nielsen  Hauge og Birgitta frå Vadstena!



 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar