mandag 12. august 2019

Skjærgårdsmesse

Sven Kærup Bjørneboe er  nok langt mindre kjent enn sin onkel Jens Bjørneboe, som han forresten har skreve ei bok om. Han har ingen stor produksjon men tekstane hans er vakre og djuptloddande.  Eg finn fram hans "Skjærgårdsmesse" frå 2001, ei vakker perle av ei bok. Det er vanskeleg å plassera "Skjærgårdsmesse"  i nokon form for sjanger, sjølv kallar han det  "Et skilderi". Bjørneboe skildrar daglegdagse hendingar og ulike personar i eit tenkt lokalsamfunn "Storøy" på Sørlandskysten. Vi føl desse personane gjennom ei rekkje  røyndomsnære person- og situasjonsteiknigar frå haust til vår, ein vinter på øya. Men heile tida ligg dei store eksistensielle spørsmåla der, like under det nære og konkrete.

" Vi fødes, vi dør. De aller fleste tar ikke inn over seg det enorme faktum at de er til. Og det like enorme faktum at vi skal dø. Hadde vi gjort det, ville vi i samme øyeblikk oppleve virkligheten religiøst.
Det gies ingen mulighet for snusfornuft i dette enorme faktum at vi er til. Et faktum fylt av religion. Også Jahve betyr jo han-som-er, eller jeg- er- den-som-er ?"

Inngangsporten til dette store mysterium er hos Bjørneboe det konkrete og daglegdagse, og her rører han ved det som mange av mystikarane har innsett. Mystikken ligg i det daglege og kvardagslege, alt kan bli til bøn., både det å hogga ved, laga mat og vaska opp.

"Hvem kan stole på folk som ellers påstår å kjenne livet og gåtene, men ingenting vet om hvordan rugbrød bakes eller eikekubber kløyves ?"

Det skjer kanskje ikkje så mykje i livet til desse personane Bjørneboe skildrar med slik varme, det eine året er nokså like det neste slik det var for dei fleste for eit par generasjonar sidan før vi vart  kasta inn i dette heseblesande jaget etter stadig fornying, omskolering og oppdatering.
Men liva deira er likevel unike, noko heilt nytt i universet.

"Det skjer ikke mye i våre liv. Vi fødes, vi eskisterer, vi dør. Noen få viktige overganger i livet, men ellers ingen story, ingen handling slik litteraturen gjerne vil innbille oss.

Ditt liv, ditt spor. For første gang gjennom årmilliarder et liv og et spor som iallfall er ditt: Noe nytt i universum, noe som ikke var der før."

Artig er det å lesa Bjørneboes profetsike ord på slutten av boka:

"Vent bare: Om et tiår eller to når den globale værsituasjonen for alvor kommer i ulage, vil dagens værvarsel få første prioritet i verdenspressen, ja selv prestene vil bli værpredikanter."

Han kunne ikkje få meir rett ! Men det er ein liten digresjon i boka, hovudtemaet er det tidlause store mysteriet, som vi  bare kan ana litt av gjennom det konkrete og daglegdagse. Kanskje blir det til ei  messe der desse jordnære og kloke menneska kan bøya seg i ærefrykt.






Poetica: Like as the waves


« Like as the waves»

Mjuk augustkveld lange rolege sømjetak solskiva like over øyeveten lyset varmt og omfavnande så stiga opp av fjorden vassa mot fjøra med glatte steinar og stive strå mot fotsålen «Like as the waves make towards the pebbled shore, So do our minutes hasten to their end». Kvifor skulle så desse linjene frå Shakespeares sonetter dukka opp i tanken for er det ikkje i kveldar som denne at uroen slepp taket og berre augneblinken er utan språk eller minne ? (Shakespeares sonett 60)





fredag 2. august 2019

Røldal stavkyrkje

"I kyrkja til Røldal eit bilete hekk
so mang ein sæling til frelse,
for sjuke og saare til dette gjekk
og fingo atter si helse."

Slik skildrar A.O. Vinje  i " Storegut" det undergjerande krusifikset i stavkyrkja i Røldal. Røldal var gjennom Mellomalderen det nest viktigaste pilegrimsmålet i Norge, berre Nidarosdomem trakk fleire pilegrimar. Reformasjonen medførte eit forbod mot pilegrimsreiser, men den folkelege tradisjonen var sterkare og Røldal var eit mål for pilegrimar til godt ut på 1800 talet. Det var det undergjerande krusifikset som var målet, kvar jonsok( 6 juli etter den julianske kalenderen) svetta krusifikset, og strauk ein noko av denne svetten på seg var det von om lækedom for sjukdom eller skade. Frå fjern og nær kom folk til denne avstengte fjellbygda! Dei fleste merka nok ikkje stor forskjell når det kom til dei kroppslege plagene, men kanskje opplevde dei likevel eit andeleg løft i det store fellesskapet av andre pilegrimar. Alt strevet var likevel ikkje til fånyttes, det kan ikkje ha vore det når folk held fram med å vandra over fjell og vidder hundreår etter hundreår!
Iflg.tradisjonen vart krusifikset funne i garnet til ein ung gut og ein eldre blind mann som var ute på vatnet og fiska..Den blinde tok på krusifikset og strauk seg over augene og dermed fekk han synet att. Ei fin historie, men meir sannsynleg er det vel at krusifikset vart skore ut av ein omreisande tysk kunstnar ein gong på 1200 talet.

Stavkyrkja er oppført på 1200 talet, men det er gjort omfattande forandringar både på 1600 talet og 1800 talet. Rosemålinga er frå barokken på 1600 talet.Vi ser likevel tydeleg det som var den opphavelege utforminga.

Valfarten til kyrkja i Røldal er teken opp att i moderne tid, så det var altså berre eit brot på vel 150 år i denne tradisjonen som har røtene sine på 1200 talet. Denne gongen kjem vi der i slutten av juli, ei stund etter jonsok, men kan likevel ikkje unngå å gripast av denne staden som liksom Selja er "a thin place", ein stad der skilje mellom  denne sida og det evige er ekstra tynn. Vi kan augna ei lita luke inn til mysteriet!












søndag 28. juli 2019

Poetica. Birgitta


Birgitta


Juliheten ligg tungt over Roma,
når kreftene og tida tek slutt,
men du kviler lett på den harde brisken
cella di i Piazza Farnese
ikkje langt frå Campo de`Fiori – blometorget.
Oppgåvene store og mange,
få var det som fekk styrke til å bera
det du bar med rak rygg og vidope sinn.
Den siste pilegrimsreisa og du stod framom
Jerusalem – den heilage byen,
utmatta kom du attende og la deg ned
ventande på den lange vegen heim,
Ventande på den største av alle oppgåver,
kallet ditt fast og for alltid lyttande,
men aldri åleine du trufaste tenerinne.


Birgitta av Sverige ( 1303-73) døydde i Roma 23 .juli som er minnedagen hennar.


Sebastian i draum

Jon Fosse har omsett den siste diktsamlinga til Georg Trakl ( 1887 -1914) " Sebastian i draum " gjeve ut på Samlaget. Diktinga til Georg Trakl høyrer til verdslitteraturen sjølv om han berre gav ut to diktsamlingar. Jon Fosse er som forfattar sterk inspirert av Trakl. Han var nyskapande og sentral i tysk ekspresjonisme. Poesien hans har ein  særeigen klang, biletspråket er musikalsk og fargerikt. Han er ikkje lett å forstå, Ludwig Wittgenstein skjøna han heller ikkje, og det gjev kanskje  meir meining å nærma seg dikta hans slik ein nærmar seg musikk og abstrakt kunst. Her er tre korte dikt frå samlinga:


Om våren

Stilt sokk snøen under mørke steg,
i skuggen av treet
lyfter elskande lysraude  augnelok.

Stendig fylgjer skipperens mørke rop
stjerne og natt,
og årene slår stilt i takt.

Snart blømer fiolane
ved den forfalne muren,
grønast så stilt den sinsames tinning.



Landskap


Septemberkveld, trist tonar gjetarens mørke rop
gjennom den mørknande landsbyen, eld sprutar i smia.
Veldig steglar ein svart hest, tenestejenta med hyasintlokkane
grip etter gløden i dei purpuraude naseborene hans.
Stilt stivnar i skogkanten skriket frå hinda
og dei gule blomane om hausten
lutar seg tagalt over det blå andletet til tjørna.
Eit tre brenn i raud flamme, flaggermysene flaksar opp med mørke andlet.


Om natta

Blånen i augo mine har slokna denne natta,
det raude gullet i hjarta mitt . Å! kor stilt lyset brann.
Di blå kappe omkring den søkkjande,
din raude munn forsegla venens formørking.





onsdag 24. juli 2019

Den heilage Birgitta

I går 23. juli feira Den heilage Birgitta av Sverige. 23. juli er hennar dødsdag, ho døydde i Roma i 1373 kort tid etter si siste pilegrimsreise til Det heilage landet. Birgitta var ein av Mellomalderens  store kvinner, helgenkåra i  1391 og utropt til skytshelgen for Europa i 1999 saman med to andre store kvinnelege helgenar  Edith Stein og  Katarina av Siena.

Birgitta var fødd inn i ein svensk adelsslekt i 1303, ho var tidleg gift med den fire år eldre Ulf Gudmarsson, og dei fekk åtte barn saman. Den mest kjende av desse er Den salige Katarina av Vadstena som følgde med mora til Roma, og tok opp den religiøse arven etter henne. Birgitta foretok pilegrimsreiser både til Nidaros og til Santiago de Compostella. Ulf var med på en siste reisa til Santiago og døydde kort tid etter. Etter at ho vart enke byrja det livet  som skulle gjera henne kjent over heile Europa. Birgitta byrja å få openberringar, som etter kvart vart skreve ned på gammalsvensk og oversatt til latin, dei utgjer eit litterært hovudverk i svensk Mellomalder. I 1350 reiste ho til Roma og vendte ikkje tilbake til Sverige, før ho etter sin død vart boren tilbake og gravlagt i klosterkyrkja i Vadstena. Men Birgitta var ingen livsfjern mystikar, som så mange andre store mystikarar kombinert ho eit rikt indre liv med eit sterkt ytre engasjement. Med profetisk kraft tok ho til orde mot forfall i kyrkja, ho prøvde å overtala paven til å venda tilbake til Roma frå eksilet i Avignon. Heller ikkje storpolitikk var ho redd for å blanda seg opp i, ho prøvde å megla mellom den franske og engelske kongen som lenge hadde lege i strid.

Ho hadde planar for ein klosterorden som skulle grunnleggast i Vadstena. Katarina  overtok leiinga av dette prosjektet etter moras død.  Pave Urban  godkjente ordenen, og det vart bygd eit dobbeltkloster i Vadstena med plass for seksti nonner og tjuefem munkar. Dei budde i kvar sin klausur og vart leia av ei abbedisse ! Eit utrykk for at kvinnas stilling i Mellomalderen hadde ein sterkare stilling enn i hundreåra som følgde ? Birgittinarordenen eksisterar framleis men no berre med ei kvinneleg grein.


 Birgittas grav i Vadstena, Ved sida av å vera skytshelgen for Sverige og Europa er ho også skytshelgen for legar, for pilegrimar og for ein fredeleg død.

tirsdag 16. juli 2019

Jomfru Maria av Karmelberget

I dag 16. juli er ein viktig dag i kyrkjeåret, men ein særleg viktig dag i Karmel. Vi feirar minnedagen for Jomfru Maria av Karmelberget, også kalla vår Frue av Karmelberget.
Karmelberget er sentralt i Karmels spiritualitet og har gjeve navn til ordenen.  I flg. 2. Kongebok oppheldt profeten Elias og hans disiplar seg her, han er den store inspirator og forberedar for det som skulle koma. På 1200 talet slo mange einbuarar seg ned på og rundt Karmelberget, og etterkvart fekk dei ein ordensregel av patriark Albert av Jersusalem ,og vart godkjent av paven i 1226. Eit stykke ut på 1200 talet vart munkane tvungne til å forlata karmelberget og kom etterkvart til Europa. Simon Stock vart den første ordensgeneral. Iflg. tradisjonen viste Jomfru Maria seg for han 16. juli 1251 ikledd karmelittanes drakt, ho gav han det brune skapularet som teikn på frelsa og forbundet med Gud. Det er bakgrunnen for feiringa av denne dagen, og naturleg nok er Jomfru Maria av Karmelberget den som held si hand over og vernar alle karmelittar.



I dag er Jomfru Maria blitt gitt oss til mor. I dag har hun vist oss sin miskunn. I dag synger hele Karmel av fryd mens vi feirer festen for henne som har gitt oss navn.