Sven Kærup Bjørneboe er nok langt mindre kjent enn sin onkel Jens Bjørneboe, som han forresten har skreve ei bok om. Han har ingen stor produksjon men tekstane hans er vakre og djuptloddande. Eg finn fram hans "Skjærgårdsmesse" frå 2001, ei vakker perle av ei bok. Det er vanskeleg å plassera "Skjærgårdsmesse" i nokon form for sjanger, sjølv kallar han det "Et skilderi". Bjørneboe skildrar daglegdagse hendingar og ulike personar i eit tenkt lokalsamfunn "Storøy" på Sørlandskysten. Vi føl desse personane gjennom ei rekkje røyndomsnære person- og situasjonsteiknigar frå haust til vår, ein vinter på øya. Men heile tida ligg dei store eksistensielle spørsmåla der, like under det nære og konkrete.
" Vi fødes, vi dør. De aller fleste tar ikke inn over seg det enorme faktum at de er til. Og det like enorme faktum at vi skal dø. Hadde vi gjort det, ville vi i samme øyeblikk oppleve virkligheten religiøst.
Det gies ingen mulighet for snusfornuft i dette enorme faktum at vi er til. Et faktum fylt av religion. Også Jahve betyr jo han-som-er, eller jeg- er- den-som-er ?"
Inngangsporten til dette store mysterium er hos Bjørneboe det konkrete og daglegdagse, og her rører han ved det som mange av mystikarane har innsett. Mystikken ligg i det daglege og kvardagslege, alt kan bli til bøn., både det å hogga ved, laga mat og vaska opp.
"Hvem kan stole på folk som ellers påstår å kjenne livet og gåtene, men ingenting vet om hvordan rugbrød bakes eller eikekubber kløyves ?"
Det skjer kanskje ikkje så mykje i livet til desse personane Bjørneboe skildrar med slik varme, det eine året er nokså like det neste slik det var for dei fleste for eit par generasjonar sidan før vi vart kasta inn i dette heseblesande jaget etter stadig fornying, omskolering og oppdatering.
Men liva deira er likevel unike, noko heilt nytt i universet.
"Det skjer ikke mye i våre liv. Vi fødes, vi eskisterer, vi dør. Noen få viktige overganger i livet, men ellers ingen story, ingen handling slik litteraturen gjerne vil innbille oss.
Ditt liv, ditt spor. For første gang gjennom årmilliarder et liv og et spor som iallfall er ditt: Noe nytt i universum, noe som ikke var der før."
Artig er det å lesa Bjørneboes profetsike ord på slutten av boka:
"Vent bare: Om et tiår eller to når den globale værsituasjonen for alvor kommer i ulage, vil dagens værvarsel få første prioritet i verdenspressen, ja selv prestene vil bli værpredikanter."
Han kunne ikkje få meir rett ! Men det er ein liten digresjon i boka, hovudtemaet er det tidlause store mysteriet, som vi bare kan ana litt av gjennom det konkrete og daglegdagse. Kanskje blir det til ei messe der desse jordnære og kloke menneska kan bøya seg i ærefrykt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar