Om våren
Stilt sokk snøen under mørke steg,
i skuggen av treet
lyfter elskande lysraude augnelok.
Stendig fylgjer skipperens mørke rop
stjerne og natt,
og årene slår stilt i takt.
Snart blømer fiolane
ved den forfalne muren,
grønast så stilt den sinsames tinning.
Landskap
Septemberkveld, trist tonar gjetarens mørke rop
gjennom den mørknande landsbyen, eld sprutar i smia.
Veldig steglar ein svart hest, tenestejenta med hyasintlokkane
grip etter gløden i dei purpuraude naseborene hans.
Stilt stivnar i skogkanten skriket frå hinda
og dei gule blomane om hausten
lutar seg tagalt over det blå andletet til tjørna.
Eit tre brenn i raud flamme, flaggermysene flaksar opp med mørke andlet.
Om natta
Blånen i augo mine har slokna denne natta,
det raude gullet i hjarta mitt . Å! kor stilt lyset brann.
Di blå kappe omkring den søkkjande,
din raude munn forsegla venens formørking.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar