lørdag 4. februar 2023

Olav Nygard

 Innlegg i Dag og Tid  3.februar


Olav Nygard

Tusen takk til Dag og Tid for at de set fokus på lyrikaren Olav Nygard ved å trykkja dikt frå den siste diktsamlinga hans « Ved vedbande» som kom ut for hundre år sidan, eit år før han døydde berre 40 år gammal. Det gler  meg storleg !

Det er nok ikkje mange i dag som kjenner til denne særmerkte diktaren frå Modalen i Hordaland. Det er  fleire grunnar til det, han fekk berre utgjeve fire  diktsamlingar i si levetid, og både språkform og innhald er vanskeleg tilgjengeleg. Olav Nygards språk er rikt og variert med mange gamle uttrykk og samansette former som dei fleste vil trenga ordbok for å få med seg. Det han vil formidla går og langt utover kvardagsrealismen, Olav Nygard var ein visjonær mystikar som prøvde å gje «ljodham» til det Asbjørn Aarnes kallar det «ugjensigelige» med  referanse til Charles Baudelaire. Det viser og til hans eigne erfaringar som når han i «Minnevigsle» skriv om « den vaaren fyrehenge rivna», og han fekk eit glimt inn i den andre verda.

Som poet blir han av mange rekna som ein av dei store, Claes Gill uttrykte  ein gong at hadde Olav Nygard uttrykt seg  på eit verdsspråk ville han hatt eit namn i verdslitteraturen, saman med Keats, Burns og Shakespear som han og  omsette. Når eg skriv dette sit eg med førsteutgåva av «Flodmaal» frå 1913, kjøpt av min svigerfar for meir enn nitti år sidan og med hans understrekingar og små kommentarar. Det er som ein lysande liten skatt !

Skal ein framheva eit dikt av Olav Nygard må det vera til «Til son min» som var mellom dei dikta som låg att då han døydde så altfor tidleg. Asbjørn Aarnes framhevar og dette diktet som eit høgdepunkt i Nygards  dikting, ja kanskje i norsk lyrikk i det heile (Poesien hos Olav Nygard Pax  2004). « Far, skal eg få eit dikt ?» spør sonen Sigurd. Faren svarar: « Ja, og det er eit dikt som ingen son i verda har fått maken til.» Kanskje han hadde rett i det.?  Eg siterar den fantastiske avslutninga av diktet:

« Daa brast dei aandelett æterkringar,

Og jorda med si dragmakt naadde inn.

Daa seig du kvar den stund i mindre svingar

Til du i vogga låg med varme kinn.»   

                                                                                                                                                                                               I 1984 då det var hundre år sidan diktaren vart fødd gav Norsk Bokreisingslag  ut « Dikt i samling», med eit fint etterord av Conrad Claussen og ei helsingsliste. Til neste år er det 100 år sidan han døydde 11.februar 1924, det bør og markerast!

 

Til Olav Nygard

«Vintermorgon,

gjennomskinleg og uforløyst

det knasar i is langs vegen                                                                                        

tida sprekk og vert

vidopen mot det andre

ljoset brenn februarkaldt

inn i vestlandsdagen

å vera heime i bygda

å  leva i kosmos

uroleg søkjande over jordskorpa

der «sola skyt livkveikjingspiler

til hundradtals klotar og fleir.»

 




søndag 29. januar 2023

Kall til Karmel

 Livet kan snu heilt om når ein opplever å få eit kall !Edita Majic (f. 1970) frå Split i Kroatia var ein suksessrik artist og skodespelar, godt kjent i heimlandet gjennom såvel teater, film og fjernsynsseriar. Ho var døypt med hadde ikkje fått fermingssakramentet og var ikkje religiøs aktiv som ungdom. Gradvis vaks det fram ein tvil over livet ho hadde ført og som ytre sett var svært vellukka. Ho byrja å søkja etter meining med livet, og fann fram til såvel dei bibelske tekstane som skriftene til Johannes av Korset og Teresa av Avila. Ho byrja å gå til messe, be rosenkransen og delta i sakramentstilbeding.  Etterkvart såvel skriftemål som fermingas sakrament. Med det stoppa ikkje der, kallet til klosterliv, nærare bestemt til Karmel vaks fram i henne. Dei som kjente henne forstod ikkje så mykje av dette, kanskje med unntak av mora. Det gjekk rykte om at ho var alvorleg deprimert, var i ein destruktiv relasjon eller hadde eit misbruksproblem. Ikkje noko av det var sant, ho var berre gripen av Guds kall. 

Edita Majic gjekk inn i Karmel i Teresas by, Avila. Ho tok navnet Edita Maria av Korset. Mange vener og familie var tilstades då ho tok det avgjerande steget. Seinare har ho gått enno eit skritt lenger og blitt einebuar. Ho fordjupar seg i stadig bøn såvel for dei ho kjenner som for alle ukjente som treng Guds nåde.

"Det er inga forteneste i det faktum at eg vart karmelittnonne. Ikkje noko offer for mi side kan kompensera for Kristis kjærleik til meg."



søndag 22. januar 2023

Pave Benedict

 Pave Benedict  -  Josef Ratzinger  (1927 - 2022) døydde på slutten av fjoråret. Mange fine ord vart sagt i samband med det såvel av biskopar, prestar som av legfolk. Det siste ikkje finst av Janne Haaland Matlary  som i mange år har samarbeidd med han og kjente han personleg. Dei sekulære media framheva det negative, og framstilte han som ein svært konservativ pave. Men ein pave kan ikkje forandra Kyrkjas lære, ein paves oppgåve er som biskop Bernt skriv: " å holde Kirken samlet, å finne ord for troen som kan være inspirerende, beroligende ,trøstende eller oppmuntrende, alt etter de troendes behov." Pave Benedict hadde ikkje Johannes Paul og Frans karisma i møte med store folkemengder, men av alle som møtte han vart hans evne til å lytta og vera hundreprosent tilstades for den han tala med, frammheva. Det var hevda at han svikta når det gjeld overgrepssakene som har ridd Kyrkja i lang tid. Sanninga er vel at han tok dette på alvor .han møtte overgrepsoffer og starta den oppryddingsprosessen som var naudsynt.

Han var utan tvil ein stor teolog, ein av dei største i forige hundreår. Han hadde ein stor intelektuell kapasitet, og hadde nok  valgt eit liv i studiar  og bøn framfor oppgåva som pave. Då helsa og kreftene avtok  gjorde han det som ingen andre pavar i nyare tid har gjort, han valgte å tre tilbake og overlata pavestolen til yngre krefter. Dei siste åra  budde han i Vatikanet, relativt anonymt, men nok aktiv til det siste med bøn og omsorg for Kyrkja.

Bileta under er frå min einaste møte med pave Bendict i november 2012 under ein etikk konferanse for katolske legar i Roma. Det var ein felles audiens med mange hundre tilstades, paven kom med ein kort tale, og eg kan ikkje hugsa at det gjorde sterkt inntrykk. Desto større inntrykk har hans bøker  om "Jesus fra Nasaret" gjort. Dei er lett tilgjengeleg og har fått ein lesarkrins langt utanfor Den katolske kyrkja. Sånn sett kan han også bli rekna som ein av dei som har nådd lengst ut med evangeliet i det tjuande hundreåret.






Frå pave Benedifts bøker om Jesus:

"...i Jesu historie finnes to punkter hvor Guds vilje griper direkte inn i den materielle verden: jomfrufødselen og oppstandelsen fra graven, hvor Jesus ikke ble værende og heller ikke gikk i forråtnelse. Disse to punktene er en skandale for den moderne mentalitet. Gud kan virke i ideer og tanker, i det åndelige, men ikke i materien. Det forstyrrer. Der hører han ikke hjemme. Men det er nettopp poenget: at Gud er Gud og ikke bare beveger seg i ideenes verden."

søndag 15. januar 2023

Jubileumsår for Thérèse av Jesusbarnet og Det hellige ansikt.

 

Jubileumsår for Thérèse av  Jesusbarnet og Det hellige ansikt.

Like før hun dør bare 24 år gammel uttaler Thérèse følgende: « Je passerai mon Ciel à faire du bien sur la terre – Jeg vil tilbringe min Himmel med å gjøre godt på jorden.» Sjelden har vel ord fra en døende hatt større profetisk kraft, det ser vi klart i ettertid. På kort tid ble historien om Thérèse spredt over hele den kristne verden, ikke minst takket være hennes selvbiografi « En sjels historie» som kom i stadig større opplag ( i norsk oversettelse først i 2014). Grunnlaget var dermed lagt for at Thérèse kom til å bli 1900 tallets mest populære og elskede helgen. Helligkåringsprosessen gikk raskt, hun ble saligkåret 29. april 1923 og helligkåret 17.mai 1925 med femhundretusen pilegrimer til stede. I 1997 opphøyet så pave Johannes Paul II, som var en stor beundrer av Thérèse, henne som tredje kvinne i Kirkens historie til kirkelærer. Fruktene har også vist seg innen hennes familie i det begge foreldrene Louise og Zélie ble helligkåret i 2015, og nylig ble det også startet en saligkåringsprosess for hennes søster Léonie.

I år er det et dobbelt jubileumsår for Thérèse, dette ble innledet allerede 8. januar i både fødebyen Alencon og i Lisieux der hun vokste opp og sluttet seg til karmelittordenen som 15 åring. Det er 100 år siden hun ble saligkåret, og det er 150 år siden hun ble født 2. januar 1873. Dette vil naturlig nok bli markert i Karmel der hun blir æret som en av ordenens store helgener, og ikke minst i Frankrike der det knapt finnes en kirke uten et alter viet til Thérèse. Det er interessant at det ikke bare er i Kirken hun blir æret, UNESCO framhever hvert andre år en person som har gjort seg gjeldende innen undervisning, kultur, vitenskap, fredsskaping og fremme av kvinners stilling. I år falt valget på vår helgen Thérèse, hennes skrifter fremmer ifølge UNESCO universelle verdier som interreligiøs dialog, solidaritet, rettferdighet og fred mellom folkene. Forhåpentligvis vil dette åpne øynene for denne unike personen også blant de som står langt fra kirken. Men for oss i Karmel vil  hun framfor alt være en veiviser på bønnens vei!

«For meg er bønnen noe som springer ut fra hjertet, et enkelt blikk rettet mot himmelen, et utbrudd av takknemlighet og kjærlighet midt i prøvelsene og likeledes midt i gleden; kort sagt, det er noe stort, noe overnaturlig, som utvider min sjel  og forener meg med Jesus.»

 


mandag 2. januar 2023

Heilage familiar

 I dag feirar vi minnedagen for av trehundretalets viktige kyrkjelærarar, nemleg Basilios den store og hans gode ven Gregor av Nazianz. Saman med Basilios yngre bror vert dei omtala som dei kappadokiske fedrene. Dei stod sentralt i den arianske striden  i sine  forsvar av vedtaka frå kyrkjemøta i Nikea og Konstantinopel. Men det var fleire  heilage i Basilios og Gregors familie, ikkje minst søstera Macrina  den yngre. Ho var ei svært from kvinne som etter kvart vart nonne og abedisse. Ho hadde stor innverknad på sine brødre , og ho påverka Basilios til å gå i kloster då han kom attende frå studiar i Aten.  Dei var alle utan tvil prega av å vaksa opp i ein svært from men og velståande familie. Det siste gjorde nok  til at dei og kunne vera rause i sine almisser. Farmora Macrina den eldre , faren Basilios den eldre og mora Emmelia vert og rekna som heilage, ved sida av den før nevnte Gregor og broren Peter av Sebasteia, dessutan  ei anna søster Theosebia.

I moderne tid er det vel berre Martin familien i Lisieux som kan måla seg med dette. I dag minnest vi og Vår helgen Therese av Liseux i det det er 150 år sidan ho vart fødd, 2. januar 1873. For eit par år sidan vart også foreldrene Louise og Zelie helgenkåra og det er nyleg starta ein saligkåringsprosess for søstera Leonie!

Eg tek med ein liten tekst av Macrina som vel er den som er minst kjent av desse heilage. Ho skal ha sagt det like før ho døydde i 379.

Du har fridd oss fra frykten for døden. Du har gjort slutten på dette livet  til begynnelsen på det sanne livet. En dag vil du ta tilbake det du har gitt, forvandle med nåde  og udødelighet våre dødelige og uskjønne rester. Måtte min sjel bli mottatt i dine hender, uplettet og ubesudlet , som et offer til deg."



søndag 1. januar 2023

Såg vi dei same fjella

 

Såg vi dei same fjella  ?


Kanskje såg vi dei same fjella

skydekket lågt over Table Mountain?

Kanskje gjekk vi den same gata

der eg stoppar ved fasaden frå 1903

klemt inn mellom to nybygg i Adderley street,

kjøpte du med noko til døtrene dine derifrå ?

Kanskje høyrte vi lyden frå dei same bølgene

som eg kjente att  med øyrene  tett mot konkylien

du tok med heim som souvenir.

Eg går i strandkanten og let den kalde havet

skylja over føtene mine,

kanskje gjekk du også slik

langs stranda ved Woodstock?

Nei, du gjorde ikkje det

for livet ditt var arbeid, ansvar

og forteneste  som du trufast sende heim

til familien langt der oppe i nord

boren av kjærleik og lengt.

Fjorten dagar eller tolv år,

men tida er ein lunefull tenar

og eit heilt livslaup kan rommast i augneblinken

slik blir du minne og historie som eg fortel vidare

utan å kjenna detaljane

dei grå og rutineprega kvardagane

avbrekka i helg og høgtid.

Men eg har ei von om at forteljinga

skal leva  vidare gjennom tid og rom

 og dermed skyva den andre døden

langt inn i hundreåra.

 

( den andre døden: Etter jødisk tradisjon døyr vi to gonger, først når hjarta

sluttar å slå, og så når navnet på den døde blir nevnt for siste gong)

Eit dikt til min oldefar Abraham etter å ha leita etter hans spor i Cape Town.

 

 

                            Konkylier som min oldefar sannsynlegvis tok med seg frå Sør - Afrika.

 

 

søndag 18. desember 2022

Advent og juledikt

 Eg vender tilbake til poeten frå Orknøyane George Mackay Brown, eg har hans Collected Poems i bokhylla. Han har mange juledikt som eg og har sitert tidlegare. Her er først eit om Sankta Lucia , helgenen som vi merkeleg nok markerar også i det protestantiske nord.


Lighting Candles in Midwinter

Saint Lucy, see

Seven bright leaves in the winter tree


Seven diamonds shine

In the deepest darkest mine


Seven fish go, a glimmering shoal

Under the ice of North Pole


Sweet St. Lucy, be kind

To us poor and wintered and blind.


Og så eit dikt med tittelen Christmas


"Toll requiem", said sun to earth,

As the grass got thin.

The stat-wheel went, all nails and thorns,

Over mill and kirk and inn.


The old sun died. The widowed earth

Tolled av black bell.

"Our King will return", said root to bone,

The skeleton tree on the hill


At midnight, an ox and an ass,

Between lantern and star

Cried, Gloria.... Lux in tenebris.....

In av wintered byre.