lørdag 4. februar 2023

Olav Nygard

 Innlegg i Dag og Tid  3.februar


Olav Nygard

Tusen takk til Dag og Tid for at de set fokus på lyrikaren Olav Nygard ved å trykkja dikt frå den siste diktsamlinga hans « Ved vedbande» som kom ut for hundre år sidan, eit år før han døydde berre 40 år gammal. Det gler  meg storleg !

Det er nok ikkje mange i dag som kjenner til denne særmerkte diktaren frå Modalen i Hordaland. Det er  fleire grunnar til det, han fekk berre utgjeve fire  diktsamlingar i si levetid, og både språkform og innhald er vanskeleg tilgjengeleg. Olav Nygards språk er rikt og variert med mange gamle uttrykk og samansette former som dei fleste vil trenga ordbok for å få med seg. Det han vil formidla går og langt utover kvardagsrealismen, Olav Nygard var ein visjonær mystikar som prøvde å gje «ljodham» til det Asbjørn Aarnes kallar det «ugjensigelige» med  referanse til Charles Baudelaire. Det viser og til hans eigne erfaringar som når han i «Minnevigsle» skriv om « den vaaren fyrehenge rivna», og han fekk eit glimt inn i den andre verda.

Som poet blir han av mange rekna som ein av dei store, Claes Gill uttrykte  ein gong at hadde Olav Nygard uttrykt seg  på eit verdsspråk ville han hatt eit namn i verdslitteraturen, saman med Keats, Burns og Shakespear som han og  omsette. Når eg skriv dette sit eg med førsteutgåva av «Flodmaal» frå 1913, kjøpt av min svigerfar for meir enn nitti år sidan og med hans understrekingar og små kommentarar. Det er som ein lysande liten skatt !

Skal ein framheva eit dikt av Olav Nygard må det vera til «Til son min» som var mellom dei dikta som låg att då han døydde så altfor tidleg. Asbjørn Aarnes framhevar og dette diktet som eit høgdepunkt i Nygards  dikting, ja kanskje i norsk lyrikk i det heile (Poesien hos Olav Nygard Pax  2004). « Far, skal eg få eit dikt ?» spør sonen Sigurd. Faren svarar: « Ja, og det er eit dikt som ingen son i verda har fått maken til.» Kanskje han hadde rett i det.?  Eg siterar den fantastiske avslutninga av diktet:

« Daa brast dei aandelett æterkringar,

Og jorda med si dragmakt naadde inn.

Daa seig du kvar den stund i mindre svingar

Til du i vogga låg med varme kinn.»   

                                                                                                                                                                                               I 1984 då det var hundre år sidan diktaren vart fødd gav Norsk Bokreisingslag  ut « Dikt i samling», med eit fint etterord av Conrad Claussen og ei helsingsliste. Til neste år er det 100 år sidan han døydde 11.februar 1924, det bør og markerast!

 

Til Olav Nygard

«Vintermorgon,

gjennomskinleg og uforløyst

det knasar i is langs vegen                                                                                        

tida sprekk og vert

vidopen mot det andre

ljoset brenn februarkaldt

inn i vestlandsdagen

å vera heime i bygda

å  leva i kosmos

uroleg søkjande over jordskorpa

der «sola skyt livkveikjingspiler

til hundradtals klotar og fleir.»

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar