søndag 22. januar 2023

Pave Benedict

 Pave Benedict  -  Josef Ratzinger  (1927 - 2022) døydde på slutten av fjoråret. Mange fine ord vart sagt i samband med det såvel av biskopar, prestar som av legfolk. Det siste ikkje finst av Janne Haaland Matlary  som i mange år har samarbeidd med han og kjente han personleg. Dei sekulære media framheva det negative, og framstilte han som ein svært konservativ pave. Men ein pave kan ikkje forandra Kyrkjas lære, ein paves oppgåve er som biskop Bernt skriv: " å holde Kirken samlet, å finne ord for troen som kan være inspirerende, beroligende ,trøstende eller oppmuntrende, alt etter de troendes behov." Pave Benedict hadde ikkje Johannes Paul og Frans karisma i møte med store folkemengder, men av alle som møtte han vart hans evne til å lytta og vera hundreprosent tilstades for den han tala med, frammheva. Det var hevda at han svikta når det gjeld overgrepssakene som har ridd Kyrkja i lang tid. Sanninga er vel at han tok dette på alvor .han møtte overgrepsoffer og starta den oppryddingsprosessen som var naudsynt.

Han var utan tvil ein stor teolog, ein av dei største i forige hundreår. Han hadde ein stor intelektuell kapasitet, og hadde nok  valgt eit liv i studiar  og bøn framfor oppgåva som pave. Då helsa og kreftene avtok  gjorde han det som ingen andre pavar i nyare tid har gjort, han valgte å tre tilbake og overlata pavestolen til yngre krefter. Dei siste åra  budde han i Vatikanet, relativt anonymt, men nok aktiv til det siste med bøn og omsorg for Kyrkja.

Bileta under er frå min einaste møte med pave Bendict i november 2012 under ein etikk konferanse for katolske legar i Roma. Det var ein felles audiens med mange hundre tilstades, paven kom med ein kort tale, og eg kan ikkje hugsa at det gjorde sterkt inntrykk. Desto større inntrykk har hans bøker  om "Jesus fra Nasaret" gjort. Dei er lett tilgjengeleg og har fått ein lesarkrins langt utanfor Den katolske kyrkja. Sånn sett kan han også bli rekna som ein av dei som har nådd lengst ut med evangeliet i det tjuande hundreåret.






Frå pave Benedifts bøker om Jesus:

"...i Jesu historie finnes to punkter hvor Guds vilje griper direkte inn i den materielle verden: jomfrufødselen og oppstandelsen fra graven, hvor Jesus ikke ble værende og heller ikke gikk i forråtnelse. Disse to punktene er en skandale for den moderne mentalitet. Gud kan virke i ideer og tanker, i det åndelige, men ikke i materien. Det forstyrrer. Der hører han ikke hjemme. Men det er nettopp poenget: at Gud er Gud og ikke bare beveger seg i ideenes verden."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar