lørdag 16. oktober 2021

George Mackay Brown 100 år

 17. oktober ville poeten George Mackay Brown (1921-1996) fylt 100 år! For nokre år sidan kjøpte eg hans samla dikt, det er ei gullgruve, 500 sider med storslått og inspirerande poesi. På norsk  kom det i 2015 ei omsetjing av hans poesi ved Jsoetin Sæbøe, " For øyane syng eg". Øyande det er Orknøyane der han vart fødd, døydde og levde det meste av livet sitt. I ungdomen studerte han i Edinburgh og vart der kjent med forfattaren Edwin Muir som kom til å bety mykje for han. Tilbake i Stromness på Orknøyande var han ein svært produktiv forfattar i fleire sjangrar, hovudsakleg poesi men og skodespel, noveller og essays. Tematikken hans  er nær knytta til lokalsamfunnet og folket som bur der, men han er og sterkt historisk orientert og er skeptisk til modernismen. Den norrøne littarturen kom til å ha stor innverkand på han, og innspirerte han nok både i form og innhald. I 1961 konverterte han til Den katolske kyrkja, og i mange av dikta hans er det ein klar religiøs tematikk. Her er eit døme på eit dikt i norsk gjendikting:

Liksveip

Sju trådar er det i liksveipet,

den kvite tråden,

ein grøn korntråd,

ein blå fisketråd,

eit raudt sting, for kjæte, villskap

og vreide,

ein grå tråd

(vinteren gjennom grip sviktande hand om rokk)

den svarte tråden,

og ein tråd altfor lys for auga.


Eit gjennomgåande element i diktinga hans er parallellen mellom jordbruksåret  med onner, såing og innhausting og kyrkjeåret med sine høgtider og ritual. Om dette skriv han:

"...which seem to illuminate the whole of life for me...It included within itself everything from the most primitive breaking of the soil to Christ himself with his parables of agriculture and the majestetic symbolism of his passion, and death, and resurrection...You will find it at the heart of many of my stories and poems."



Her er eit dikt som klart illustrerar  utsagnet ovanfor:

Lux perpetua

A star for a cradle

Sun for plough and net

A fire for old stories

A candle for the dead

              *

Lux perpetua

By such glimmers we seek you


tirsdag 5. oktober 2021

G.K. Chesterton

Det er kanskje ikkje så mange i Norge som kjenner til den engelske journalisten og forfattaren Gilbert Keith Chesterton ( 1874- 1936) , men det er  nok desto fleire som kjenner til hans mest populære litterære figur, Fader Brown , presten som løyser kriminalgåter, og som er popularisert i fjernsynserien meir enn hundre år etter at Chesterton skreiv romanar om den spesielle presten. Fader Brown er det eine ytterpunktet i Chestertons enorme litterære spennvidde, det andre ytterpunktet er kanskje hans rikhaldige poesi. Rettnok er hans ikkje rekna blant dei store i engelskspråkleg poesi. Hans poesi var tradisjonell og meir prega av "action" enn "reflection", og ikkje nyskapande som hans samtidige T.S. Eliot. Han var i utgangspunktet journalist og gjorde karriere i Londons Fleet Street, hans journalistikk var samfunnsengasjert og utfordrande, han var ein skarp kritikar av si samtid men meiningar om det meste. Hans essay var glimrande, han skreiv biografiar, seriøse romanar, ikkje bare krim, han skriev verk om histoire og filosofi og ikkje minst teologi. Han blir rekna som 1900 talets kanskje mest velformulerte apologet, forsvarar av kristendomen.

Det var ikkje innlysande at han skulle finne vegen inn i kristendomen, han var rett nok døypt inn i den engelske kyrkja, men korkje familien eller han var praktiserande. Han var ein tenkande og søkjande mann, men hans tanke var intelektuell fortviling, og hans levemåte heidenskap som han sjølv formulerar det. To personar kom til å ha stor innverknad på hans veg mot kristen tru, Frances Blogg som han vart gift med og som følgde han inn i kyrkja, og den katolske forfattaren Hilaire Belloc. Han konverterte til katolisismen i 1922, men lenge før det skreiv han apologetiske verk som "Heretic" og "Orthodoxy" som er forsvar for kristendomen mot tidsånda. Chestertons trusforsvar var på ingen måte mør kog pessimistisk, tvert imot verthan karakterisert som" the only genuinely optimistic thinker our gloomy century has produced." (Russel Sparks) Han var ein offentleg person i si samtid, og hans konversjon vekte nok sterke reaksjonar i samtidas England, slik Sgrid Undsets konversjon gjorde her til lands. Økumenikk låg framleis langt fram i tida både hos oss og i England. Sjølv oppsummerar han det slik:

"It is not the Pope who has set the trap or the priests who have baited it. The whole point of the position is that the trap is simply the truth. The whole point is that man himself has made his way towards the trap of truth, and not the trap that has run after the man."

Til dei som meinte at å konvertera til katolisismen var å gå inn i eit system som tvinga ein til akseptera visse sanningar skriv han:

"It is not really a question of what a man is made to believe but of what he must believe;what he cannot help believing. He cannot disbelieve in an elephant when he has seen one; and he cannot treat the Church as a child when he has discovered that she is his mother."

Chesterton  levde nok ikkje noko sunt liv, han var glad i mat og drikke, puritanisme og avhaldssak hadde han lite til overs for. På bilete som nok er teke i femtiårs alder er han overvektig og ser gammal ut. Våre 1936 vart han gradvis svakare, det hjelpte ikkje med pilegrimstur til Lourdes, hadde døydde sommaren dette året bare 62 år gammal. Kort før han døydde kom dominikanarpresten Vincent McNabb og song Salve Regina for han, ein hymne Chesterton sette særleg pris på. Så kunne englane  bera han inn til den evige kvila styrkt av den støtta den kyrkja han elska så høgt kunne gje han.

Det passar å avslutta med eit haustdikt:

Gold leaves 

Lo! I am come to autumn,

When all the leaves are gold;

Grey hairs and golden leaves cry out

The year and I are old.


In youth I sought the prince of men,

Captain in cosmic wars,

Our Titan, even the weeds would show

Defiant, to the stars.


But now a great thing in the street

Seems any human nod,

Where shift in strange democracy

The million masks of God.


In youth I sought the golden flower

Hidden in wood or wold,,

But I am come to autumn,

When all the leaves are gold.




fredag 1. oktober 2021

Minnedagen for Den heilage Therese

 I dag 1.oktober feirar vi minnedagen for Den heilage Therese frå Lisieux(av Jesusbarnet).Ho vart fødd i 1873 og døydde i Karmel, Lisieux i 1897. Ho vart heilagkåra i 1925 og utnemd til kyrkjelærar som den tredje kvinna, i 1997. Ho er skytshelgen for misjonen, for Frankrike for søstrene i Karmel, og er kanskje vår tids mest populære helgen. Therese viser oss "den vesle vegen",  å akseptera at vi er små, svake og ufullkomen, heilt avhengige av Guds nåde.

Under har eg teke med Novenen til Therese, dvs. bøner som ein ber i ein ni dagars periode før minnedagen for å førebu oss på feiringa av denne.



NOVENE TIL DEN HELLIGE THÉRÈSE AV JESUSBARNET «Frykt ei din svakhet» 

1. Sang: «Kom, Hellig Ånd» T 8 (v. 1,3,5) 

Omkved: Kom, Hellig Ånd, kjærlighets ild, 

 kom, de fattiges Far, og leg mine sår. 

 1. Herre, du valgte meg mens jeg bare var barn,  og jeg kan kalles ditt kjærlighets verk. 

 3. Selv er jeg intet, jeg er bare svakhet. 

 Du vet det, min Gud, mitt hjerte er ikke stolt. 

 5. Og bare du, Jesus, kan skape fred i sjelen 

 i hjertet som ønsker å elske i all evighet. 

2. Lesning fra den hl. Thérèses selvbiografi «En sjels historie” 3. Sang: «Thérèses hymne til kjærligheten» T3 (v.1) 

Hvor stor og kjærlig er vår Gud, som har sett til den ringe. For evig er mitt hjertes pris kjærlighetens nye sang. 

1. Kom, du som sulter, som er tørst, du som har tungt å bære.  Som moren trøster sitt barn, slik vil Gud trøste deg. 

 Å kom med til livets kilde, frykt ei din svakhet. 

 Ha lit til Guds barmhjertige kjærlighet. 

4. Avslutningsbønn

Gud, vår Far, du som åpner ditt rike for de små og ydmyke, hjelp oss  tillitsfullt å følge den hellige Thérèses ”lille vei”. Før oss på hennes  forbønn frem til din evige herlighet. Ved Kristus, vår Herre. Amen.


Therese ber faren Louise Martin om løyve til å tre inn i Karmel berre 15 år gammal.

Statue i hagen  i Les Buissonnets der ho vaks opp. Frå vår vitjing i Lisieux i 2018

Heilage Therese be for oss 1

mandag 20. september 2021

Dei 103 heilage Korea-martyrar

 Då eg i går skreiv om Stefanusalliansen  og forforfølginga  av kristne i Nord-Korea var eg ikkje klar over at dagen i dag - 20. september- er minnedagen for dei 103 Korea-martyrane. Det var rettnok  mange fleire enn desse 103. Men vi  kjenner navnet på dei  og dei vart plukka ut til å bli heilagkåra i 1984 då pave Johannes Paul vitja Korea i samband med  200-årsfesten for at kristendomen først kom til landet. Av dei 103 var 93  koreanarane og 10 franske misjonærar. Over ein million koreanarar overvar denne sermonien, der paven samstundes nytta høve til å innvia Korea til Jomfru Maria.

Kven var dese koreanske martyrane ? På slutten av 1700 talet var Korea som Japan  eit land som var stengt for utlendingar under trugsmål om strenge straffer.  Koreanske legfolk vart kjent med kristendomen via jesuitt-misjonærar i Kina og tok trua med seg heim der den slo rot, og innan få år var det mange tusen kristne i Korea, men ingen utenlandske prestar. Styresmaktene vart uroa over dette, og på byrjinga av 1800 talet auka forfølgingane, i 1801 var det 300 martyrar i landet. I 1802 kom  det eit dekret som foreskreiv dødsstraff for einkvar katolikk som vart oppdaga. Dette dekretet vart ikkje oppheva før  i 1882. Religionsfridom for katolikkar kom i 1875 og frå 1884 misjonerte også protestantar i Korea. Men i åra frå 1800 og fram til omlag 1870 gjekk mange tusen koreanske truande  martyriet i møte.

I dag er det store og levande kyrkjelydar i Sør-Korea både katolske og protestantiske. Då er det ekstra tragisk å tenkja på at i Nord-Korea er tilhøva for truande like ille som dei var i heile Korea for to hundre år sidan. Lat oss hugsa dei i forbøn!





søndag 19. september 2021

Stefanusalliansen

 Eit par gonger i året får eg "Magasinet Stefanus" som vert utgjev av Stefanusalliansen . Dette er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt fokus på trusfridom. Redaktør er Johannes Morken som tidlegare har vore journalist i Vårt land og lenge har vore oppteken av forfølging av religiøse minoritetar rundt omkring i verda. Stefanus som det står om i Apostelgjerningane var den første kristne martyren, etter han har det vorte mange ikkje minst i vår tid. Kristne vert forfølgde både i muslimske og ateistiske land, Nord-Korea og Afghanistan er vel dei to farlegaste landa å vera kristen i. Muslimske minoritetar vert også forfølgde i det kommunistiske Kina, i det hinduistiske India og i det buddhistiske  Myanmar.

I Afghanistan er det svært få kristne, men  enkelte små undergunnskyrkjer eksisterar nok, og dei har all grunn til å frykta framtida etter at Taliban overtok styret i landet. Det same gjeld andre minoritetar som sikhar og sjiamuslimar.

Nord-Korea stiller nok i ein klasse for seg når det gjeld brutal undertrykking av all religion, buddhistar, kristne og andre mindre grupperingar. Alle religiøs aktivitet, ja bare det å eiga ei religiøs bok vil føra med seg streng straff, fangeleir og i verste. fall dødsstraff. Då det kommunistiske regimet kom til makta i 1948 var det omlag 200.000 protestantar og 55.000 katolikkar i landet. Utover femti og sekstitalet auka forfølginga  av dei kristne og all aktivitet vart forbode. Kor mange det er igjen i dag er det ingen som veit, det eksisterar nok ein del mindre huskyrkjer, men mange held trua heilt for seg sjølve, dei stoler ikkje på nokon heller ikkje næraste familie ! Nokon har klart å flykta og kan gje vitnemål om den brutale forfølginga i landet. Organisasjonen Korea Future Initative med base i London og Seoul i Sør-Korea samlar dokumentasjon om overgrepa i landet.

Det er viktig at dei mange forfølgde ikkje vert gløymde, at informasjon kjem ut og at vi føl dei med vår forbøn. Stefanusalliansen gjev her eit viktig bidrag



fredag 3. september 2021

Paris

 Innlegg på sida " En flanant dans Paris":

Nous sommes des touristes norvégien qui admirons  Paris et  la culture française. Ces photos ont été prises en septembre 2019 lors de notre précédente visit. Nous espérons beaucoup un autre visit après la pandémie!

Restaurant Les Deux Margot au coeur de Saint-Germain-des Pres, pendant le 19. Siècle  les poëtes Verlaine et  Rimbaud ont fréquanté le restaurant, plus tard artistes et philosophes comme Aragon, Picasso, Gide, Hemingway, Sartre et Beauvoir.

De l`autre côté de la rue Bonapart nous trouvons  l`èglise Saint-Germain-des-Pres et  le buste « La Poésie» en honneur de poëte Guillaume Appolinaire. En 1959 Picasso a offert à la Ville de Paris le buste en hommage à son ami.

Le Boulevard Saint-Germain travers la rue Napoleon, Appolinaire habitait au numéro 202. Janvier 1913 il a quitté Auteuil pour cet appartement à boulevard Saint-Germain qu`il gardera jusque à sa mort novembre 1918.

”Tu traverses Paris à pied très lentement” ( Appolinaire: Souvenir du douanier)


Frå siste tur til Paris i samband med kongress  i byrjinga av september 2019. Ser fram til nye vitjingar etter pandemien.

Restauranten Les Deux Margots  i hjertet av Saint-Germain- des Pres. På 1800 talet sat poetar som Verlaine og Rimbaud her, seinare kunstnarar  som Aragon, Picasso, Gide;,Hemingway, Sartre og Beauvoir.

På andre sida av Rue Bonapart er kyrkja  Saint-Germanin-des Pres  og utanfor ein byste til minne om poeten Guillaume Appolinire. Picasso donerte denne i 1959 til Paris som ein hyllest til sin ven.

Appolinaire budde like i nærleiken frå 1913 til han døydde i 1918.

" Du går langsamt gjennom Paris til fots"  (frå eit dikt av Appolinaire)

 

Bysten av Appolinaire utanfor Saint Germain-des Pres.

Gunvor Hofmo hundre år

 Eg finn fram Gunvor Hofmos "Samlede dikt" utgjeven i 1968, den innheld bare fem diktsamlingar som kom ut mellom 1946 og 1955. Så er ho taus fram til 1971 då det igjen nesten årleg kjem ei diktsamling fram til den siste "Epilog" som kom i 1994.  Den nye utgåva av  "Samlede dikt" som kom i 1995 innheld  over 700 dikt frå 20 diktsamlingar.  Men ikkje nok med det, i 1997 kjem rundt 350 "Etterlatte dikt" samla og redigert av Jan Erik Vold som og har skreve ein biografi  om henne "Mørkets sangerske". Opphaldet i hennar litterære produksjon skuldast alvorleg psykisk sjukdom, men ho skreiv også i desse åra  sjølv om det ikkje vart utgjeve noko. Det er neppe mange døme i litteraturhistorien på noko tilsvarande, å koma tilbake som poet etter så lang tid med alvorleg sjukdom!

I år det hundre år sidan ho vart fødd 30.juni 1922 i Oslo eller Christiania som navnet var då. Ho døydde i 1995. Etter at ho vart utskreven frå psykiatrisk sjukehus på byrjinga av 1970 talet levde ho isolert og gav aldri intervju, men ho skreiv og skreiv heile tida, til slutt langt over 1000 dikt. Dei fleste er av høg kvalitet og ho vert rekna som ein av dei store i norsk litteratur etter krigen. Sannsynlegvis blir ho ikkje lest så mykje, ja det er vel dei færraste poetar som blir det. Mange vil nok oppleva dikta hennar som mørke og tungsindige, vanskeleg å trenga inn i og langt frå den folkelege appellen som til dømes Hans Børli har.

Den første diktsamlinga "Jeg vil hjem til menneskene" kom i 1946 og fekk god kritikk. Dikta er prega av einsemd, lengt, død og mørke. Ein ikkje uventa tematikk sett i lys av dei dramatiske krigsåra. Krigen kom nok til å  prega  heile hennar liv og dikting, ho opplevde også ein stor perosnleg tragedie då hennar jødiske veninne Ruth Maier  vart arrestert og deportert med Donau i november 1942 for så sannsynlegvis å bli sendt rett i gasskammeret i Auschwitz.

"Slik en regnvåt kveldstund

kjenner du det er henne,

en jødisk venninne de drepte,

hun hvis lik de lot brenne

sammen med tusen andres

........

Du hører den myke stemmen

slik du hørte den sist,

spørrende uten klage,

dempet og uendelig trist:

Warum sollen wir nicht leiden

wenn so viel Leid ist ?"

(Fra diktet Møte)

Diktsamlingane som følgjer har mykje av den same tematikken prega av lengting og einsemd, av ein tapt og fjern barndom, over sommaren som er forbi.

" Dypt inni tåken ser du

at sommeren stirrer på deg med fjerne øyne

som om den stirrer på noe langt borte:

Er det din døde menneskelighet den ser,

er det en annen sommer barnslig blomstrende

mellom Guds hender...."

(Frå Sommerens fjernhet)

Så dukkar det brått opp dikt  prega av mystikkens lukkekjensle.


"Jeg kjenner ingen ord mer,

å salighet.

En dyp flom av lysende farger

gjennomtrenger meg

en høy, høy stillhet av gråhvit sne.


Gud faders ansikt

ser jeg deroppe.

Gud faders lysende ansikt.


Jeg kjenner ingen ord mer,

å salighet,

men farger og dyp."

(Jeg kjenner ingen ord mer....)


I "Etterlatte dikt" er det mange små perler, med få ord set hos fokus på både det nære og konkrete og det store eksistensielle og uforståelege i tilveret.

Eg falt for dette vesle dikt med tittelen "Skolehave"

"Å komme hjem

med jord på hendene

legge grønnsakene

på kjøkkenbordet

med stolt blikk

og sette astersen i vasen

og din mors stemme

fra butikken og oppgangen

som roser deg

Alt er oppfyllelse

duft av grønnsaker og blomster

og jord

samlet i ditt hjertes ro."


Og dette "Å bli gammel".

"Å bli gammel:

De lange dager som en tunnel

med lys som skimtes

langt borte

Det du har levet

lukker seg langsomt

som sår med skorpe."

Og til slutt "Lysene" det som kanskje er det siste diktet skreve like før ho sjølv gjekk inn til det uskapte lyset.

"Lysene hilser mørket

De legemliggjør seg

i avstanden og 

i stumheten

søm bærer Verden, dens

fødsel og død"




Jernbanen inn til Auschwitz der Gunvor Hofmos veninne Ruth Maier  vart ført ein novemberdag i 1942