søndag 19. september 2021

Stefanusalliansen

 Eit par gonger i året får eg "Magasinet Stefanus" som vert utgjev av Stefanusalliansen . Dette er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt fokus på trusfridom. Redaktør er Johannes Morken som tidlegare har vore journalist i Vårt land og lenge har vore oppteken av forfølging av religiøse minoritetar rundt omkring i verda. Stefanus som det står om i Apostelgjerningane var den første kristne martyren, etter han har det vorte mange ikkje minst i vår tid. Kristne vert forfølgde både i muslimske og ateistiske land, Nord-Korea og Afghanistan er vel dei to farlegaste landa å vera kristen i. Muslimske minoritetar vert også forfølgde i det kommunistiske Kina, i det hinduistiske India og i det buddhistiske  Myanmar.

I Afghanistan er det svært få kristne, men  enkelte små undergunnskyrkjer eksisterar nok, og dei har all grunn til å frykta framtida etter at Taliban overtok styret i landet. Det same gjeld andre minoritetar som sikhar og sjiamuslimar.

Nord-Korea stiller nok i ein klasse for seg når det gjeld brutal undertrykking av all religion, buddhistar, kristne og andre mindre grupperingar. Alle religiøs aktivitet, ja bare det å eiga ei religiøs bok vil føra med seg streng straff, fangeleir og i verste. fall dødsstraff. Då det kommunistiske regimet kom til makta i 1948 var det omlag 200.000 protestantar og 55.000 katolikkar i landet. Utover femti og sekstitalet auka forfølginga  av dei kristne og all aktivitet vart forbode. Kor mange det er igjen i dag er det ingen som veit, det eksisterar nok ein del mindre huskyrkjer, men mange held trua heilt for seg sjølve, dei stoler ikkje på nokon heller ikkje næraste familie ! Nokon har klart å flykta og kan gje vitnemål om den brutale forfølginga i landet. Organisasjonen Korea Future Initative med base i London og Seoul i Sør-Korea samlar dokumentasjon om overgrepa i landet.

Det er viktig at dei mange forfølgde ikkje vert gløymde, at informasjon kjem ut og at vi føl dei med vår forbøn. Stefanusalliansen gjev her eit viktig bidrag



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar