lørdag 16. oktober 2021

George Mackay Brown 100 år

 17. oktober ville poeten George Mackay Brown (1921-1996) fylt 100 år! For nokre år sidan kjøpte eg hans samla dikt, det er ei gullgruve, 500 sider med storslått og inspirerande poesi. På norsk  kom det i 2015 ei omsetjing av hans poesi ved Jsoetin Sæbøe, " For øyane syng eg". Øyande det er Orknøyane der han vart fødd, døydde og levde det meste av livet sitt. I ungdomen studerte han i Edinburgh og vart der kjent med forfattaren Edwin Muir som kom til å bety mykje for han. Tilbake i Stromness på Orknøyande var han ein svært produktiv forfattar i fleire sjangrar, hovudsakleg poesi men og skodespel, noveller og essays. Tematikken hans  er nær knytta til lokalsamfunnet og folket som bur der, men han er og sterkt historisk orientert og er skeptisk til modernismen. Den norrøne littarturen kom til å ha stor innverkand på han, og innspirerte han nok både i form og innhald. I 1961 konverterte han til Den katolske kyrkja, og i mange av dikta hans er det ein klar religiøs tematikk. Her er eit døme på eit dikt i norsk gjendikting:

Liksveip

Sju trådar er det i liksveipet,

den kvite tråden,

ein grøn korntråd,

ein blå fisketråd,

eit raudt sting, for kjæte, villskap

og vreide,

ein grå tråd

(vinteren gjennom grip sviktande hand om rokk)

den svarte tråden,

og ein tråd altfor lys for auga.


Eit gjennomgåande element i diktinga hans er parallellen mellom jordbruksåret  med onner, såing og innhausting og kyrkjeåret med sine høgtider og ritual. Om dette skriv han:

"...which seem to illuminate the whole of life for me...It included within itself everything from the most primitive breaking of the soil to Christ himself with his parables of agriculture and the majestetic symbolism of his passion, and death, and resurrection...You will find it at the heart of many of my stories and poems."



Her er eit dikt som klart illustrerar  utsagnet ovanfor:

Lux perpetua

A star for a cradle

Sun for plough and net

A fire for old stories

A candle for the dead

              *

Lux perpetua

By such glimmers we seek you


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar