mandag 20. september 2021

Dei 103 heilage Korea-martyrar

 Då eg i går skreiv om Stefanusalliansen  og forforfølginga  av kristne i Nord-Korea var eg ikkje klar over at dagen i dag - 20. september- er minnedagen for dei 103 Korea-martyrane. Det var rettnok  mange fleire enn desse 103. Men vi  kjenner navnet på dei  og dei vart plukka ut til å bli heilagkåra i 1984 då pave Johannes Paul vitja Korea i samband med  200-årsfesten for at kristendomen først kom til landet. Av dei 103 var 93  koreanarane og 10 franske misjonærar. Over ein million koreanarar overvar denne sermonien, der paven samstundes nytta høve til å innvia Korea til Jomfru Maria.

Kven var dese koreanske martyrane ? På slutten av 1700 talet var Korea som Japan  eit land som var stengt for utlendingar under trugsmål om strenge straffer.  Koreanske legfolk vart kjent med kristendomen via jesuitt-misjonærar i Kina og tok trua med seg heim der den slo rot, og innan få år var det mange tusen kristne i Korea, men ingen utenlandske prestar. Styresmaktene vart uroa over dette, og på byrjinga av 1800 talet auka forfølgingane, i 1801 var det 300 martyrar i landet. I 1802 kom  det eit dekret som foreskreiv dødsstraff for einkvar katolikk som vart oppdaga. Dette dekretet vart ikkje oppheva før  i 1882. Religionsfridom for katolikkar kom i 1875 og frå 1884 misjonerte også protestantar i Korea. Men i åra frå 1800 og fram til omlag 1870 gjekk mange tusen koreanske truande  martyriet i møte.

I dag er det store og levande kyrkjelydar i Sør-Korea både katolske og protestantiske. Då er det ekstra tragisk å tenkja på at i Nord-Korea er tilhøva for truande like ille som dei var i heile Korea for to hundre år sidan. Lat oss hugsa dei i forbøn!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar