"Himmelen over Vålandskogen" er tittelen på ei vakker diktsamling av Tor Obrestad som kom i 2009. Eg tenkte på den då vi gjekk gjennom dette vesle skogholtet og vidare rundt Mosvatnet i eit vårleg Stavanger tidlegare i dag. Sola lyste opp for første gong på lenge, og folk og fuglar flokkast ut i lyset !
" Vålandskogen strekker seg over ein vestvendt bakke
på eit lite område midt i byen Stavanger
Nok skog til å gi ei minning om dei store sentraleuropeiske
skogane som kan strekka seg over eit heilt land
og langt inn i det neste: Polen, Tyskland, Belgia
Skogen skapt av lindetre, stomnar med godt planta røtter
elefantføtene under lauvverket
som nå i mai lyser med ei gulgrøn himling
over hovuda våre, så høgt oppe at me kan gå
som inn i ei stor stove, på eit raslande teppe
av fjorgammalt lauv som ennå ikkje har blitt jord
Wim Wenders og Petr Falk
samtalar om englar på ein grøn benk, kva elles
dei snakkar om lar seg ikkje skilja. Over heile bakken glimt
av blå himmel og solstreif - desse glimt av himmel
gjennom lauv. Solstreifa. Nede i rommet leikar me
Tussi-hus og Ole Brumm soger. Tigergut svingar seg
opp frå grein til grein, Kristoffer Robin kjem reikande
saman med sine gode venner, Ole Brumm og Nasse Nøff
Barna samlar greiner til hytta, far sit på ein stubbe
og filosoferar over livets forunderlege gang inne i skogen
mens barna plutselege set i gang og skrålar Ja, vi elsker
dette landet som det stiger frem, og sprikk på Nordraaks
forunderlege sluttstrofe som stig ubønnhørleg mot høgdene."
søndag 24. februar 2019
fredag 22. februar 2019
Om vern av mindreårige i kyrkja
I desse dagar pågår konferansen "The protection of minors in the Church" - "Vern av mindreårige i kyrkja" i Vatikanet etter initativ av pave Frans. Bakgrunnen er som dei fleste er kjent med den lange rekkja av overgrepsskandalar som har rysta kyrkja dei siste tiåra. I land etter land på alle kontinent har offer for prestars misbruk stått fram med si historie. Eit vell av mørke og grums har kome til overflata og sjokkert både i og utanfor kyrkja. Skandalen har gått heilt til topps i kyrkja, noko reaksjonen mot den amerikanske erkebiskop og kardinal Theodore E. McCarrick vitnar opp.Han vart nyleg fråteke alle sine geistlege rettar som følge av tidlegare seksuelt misbruk.
På konferansen deltek vel 190 representantar for bispdøme rundt i verda, vona er at dette blir meir enn berre prat. Kardinal og erkebiskop av Chicago Blase J. Cupich som heldt hovedinnlegget i dag uttalte i forkant: " My hope is that people see this as a turning point."
I sitt innlegg talte han om "accountability" - ansvarleggjering. Han tok til orde for å innføra nye og strenge lover som ansvarleggjer også den enkelte biskop. Dette er kanskje noko av det som har vore mest deprimerande i desse sakene, nemleg korleis det kyrkjelege hierakiet systematisk har fortia og hemmeleg halde det som har skjedd. Redsla for skandale har gjort at dei totalt har svikta offera. Når det likevel kjem opp til slutt blir skandalen desto større.
Erkebiskopen av Bogota kardinal Ruben Salazar Gomez talte i går. Han tok eit sterk oppgjer med einukultur i kyrkja. Det er ingen unnskyldning for å vika unna å fordøma og resolutt konfrontera eit kvart tilfelle av misbruk innanfor kyrkja. Han sette navn på ukulturen: klerikalisme.
" Vi opplever en feiloppfatning av hvordan prestegjerningen skal utøves. det har bidratt til at myndighetsperoner har begått alvorlige feil, som igjen har forverret krisen. Denne feiloppfatningen har et navn: klerikalisme."
Det er lett å fall ned i mismot og vonløyse i møte med dette. Mange som er glade i kyrkja opplever det slik. Men det hjelper å ta si tilflukt til Jesu ord til Peter: " Og eg seier deg: Du er Peter, og på dette fjell vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne."
Pave Frans talar på dagens konferanse.

søndag 17. februar 2019
Nærare meg enn meg sjølv
I pinsa 1942 skreiv Edith Stein dette diktet inspirert av Den Heilage Ande og av Johannes av Korset.
Ho sat i karmelittklosteret i Echt i det naziokkuperte Nederland, og kanskje ana ho at ho berre hadde få månadar igjen å leva.
Edith Stein (1891-1942) - også kjent under sitt klosternavn Teresa Benedicta av Korset - jøde, filosof, konvertitt, karmelittnonne, martyr, helgen og kyrkjelærar.
" Hvem er Du, milde lys som fyller meg
og opplyser mitt hjertets mørke ?
Du leder meg som en mors hånd,
og hvis Du slipper meg, kan jeg ikke ta
noe skritt videre.
Du er rommet
som omgir og bærer min væren.
Uten Deg ville den synke ned i intethetens
avgrunn, som Du hever den opp fra.
Du nærmere meg enn jeg er meg selv,
mer innenfor enn min innerste væren -
og likevel umulig å nå eller berøre,
sprenger rammen for ethvert navn:
Hellig Ånd - evig kjærlighet !"
Eg er spesielt oppteken av den femte siste linja, det som er nærarae meg enn meg sjølv. Ein finn det same hos Paul Claudel - "Noko i meg som er meir meg enn meg sjølv." (plus moi-meme que moi)
Det som i vårt inste er evig og vår eigentlege identitet ?

mandag 11. februar 2019
Jesusbøna i ortodoks tradisjon
JESUSBØNA
«Herre Jesus Kristus ha miskunn med meg ein syndar»
Denne korte bøna som ein gjentek regelmessig er spesielt populær i ortodoks tradisjon. Hesykasmen – den ortodokse mystiske tradisjon som har sin hovudsete på den gresk klosterøya Athos.
Men dette er nok ei bøn som vart praktisert også av ørkenfedrene dei første hundreåra etter Kristus. Augustin er den som først skriv om dette som skotbøner, piler ein skyt opp mot Gud.
Denne bøna er ei kort trusvedkjenning der det vert understreka at vi er syndarar som treng Kristi miskunn. Hans storhet i relasjon til vår litenhet.
Bøn forutset kjennskap til seg sjølv. Utan det kan relasjonen til Gud fort sveva opp i det blå og ikkje få innverknad på dagleg livet vårt som Wilfrid Stinissen påpeikar.
Ørkenfedrene var opptekne av «penthos» - dvs. den smerte som er forårsaka av eigen eller andres synd. For dei var det ein stadig kamp mot djevelen og freistingar.
Dette kunne ein møta på ulike måtar. Ein kunne gå i nærkamp med freistingane og direkte kjempa mot dei eller ein kunne lata vera å bry seg om dei og berre løfta sitt hjerte mot Gud. I det siste tilfellet tar ein sin tilflukt til Jesu navn og neglisjerar
freistingane enten dei er frå fantasien eller frå den onde.
Johannes av Korset er inne på noko av det same når han talar om « gjera en bevegelse av anagogisk (oppadstigande) kjærleik,medan vi løfter våre hjerte opp til foreininga med Gud»
Jesus bønas formulering:
Trusvekjenning, ein stadfestar at Jesus Kristus er Messias dvs den salva.
Bønas utforming er ikkje absolutt, her fint fleire versjonar Mange oppfattar Salme 70.2 som eit utgangspunkt: «Skund deg, Gud, og hjelp meg. Herre, fri meg ut.»
Ein kan forenkla bøna og til sist bare sitja igjen med ordet «Jesus» eller ein kan leggja til formuleringar til dømes i tråd med kyrkjeåret.
Jul: «Herre Jesus Kristus, som er blitt menneske, miskunn deg over meg.»
Påske: « Herre Jesus Kristus, som oppstod for meg, miskunn deg over meg»
Pinse: « Herre Jesus Kristus, som sende Den Heilage Ande, miskunn deg over meg.»
Forklaringa på berget: «Herre Jesus Kristus, som vart forherliga på berget, miskunn deg over meg.»
Den ortodokse helgenen Serafim frå Sarov ( 1759 – 1833) foreslo ein mariansk variant:
«Herre Jesus Kristus Guds Son, miskunn deg over meg ein syndar på Guds Mors forbøn.»
Uansett formulering er denne bøna ein veg til indre harmoni for mange. Den langsame rytmiske gjentakinga av bøna leiar til konsentrasjon og merksemd, og ein stadig djupare fred.
Simon den nye teologen (949 – 1022) seier det slik:» Sett deg ned, stille og i einsemd. Bøyg hovudet, lat att augene, pust sakte og sjå med di forestillingskraft inn i hjertet ditt og lei fornufta der. Dvs dine tankar frå hovudet og ned i hjertet. Ved kvart andedrag skal du seia: Herre Jesus Kristus, miskunn deg over meg. Du skal uttala orda sakte og stille, med leppene eller bare i anden.»
Kor mange gonger skal ein gjenta bøna? Den russiske pilegrimen blir av ein starets oppmoda til be bøna tusen gonger, deretter sekstusen og så tolvtusen. Det går ikkje i hop, heldigvis fints det andre råd. Arkimadriten Sophrony uttaler at Jesusbøna bare er eit utgangspunkt. Ein kan formulera bøna ein gong og deretter bli stille og bare kvila i bøna.
Hjerte bøna: Jesus bøna blir ofte og kalla hjertebøna Det er eit uttrykk for at denne bøna også er dynamisk slik all mystikk er det.
Leppenes bøn – dvs ei reint munnleg bøn
Forstanden eller intellektets bøn – dvs. Bøna veks gradvis innover, tankane svirrar ikkje lenger rundt omkring og kan konsentrera seg om ordas innhald.
Hjertets bøn – bøna omfattar heile personen. Det er ikkje lenger eg som ber av og til men eg blir bøn heile tida. Dette er ikkje bare å forstå symbolsk men og konkret og kroppsleg. Bøn omfattar både sjel og kropp.
På dette stadiet er det Gud som overtek meir og meir. Bøn blir ikkje mi bøn men Kristi bøn i meg.
Johannes Klimakus seier det slik:» La sinnet ditt bli verande i bønas ord. Gud vil stå for resten, men i si tid og på sin måte.»
(utdrag av mi undervisning på troskurs)

torsdag 31. januar 2019
Kyndelsmesse
2.februar feirar vi Herrens framstilling i tempelet, dagen er best kjent som Kyndelsmesse på norsk, av kyndill - lys på norrønt. Dagen blir og kalla Missa Candelarun - lysmesse, eller Maria lysmesse, det latinske navnet på dagen er Presentatio Domini.
Dette er det første store kristne høgtida etter julefeiringa som vart avslutta med Epifani Og Herrens dåp. Bakgrunnen for dagen finn vi i Lukas 2.22-39 der Jesu rituelle framstilling i tempelet vert skildra. Tradisjonen har sin bakgrunn i 2.Mosebok.
Sentralt skildringa står møtet med den gudfryktige Simeon og profetinna Anna. Begge lovpriste Gud då dei såg Jesusbarnet.
Simeons lovsang - Nunc dimittis - blir framført i alle kloster som ein del av dagens siste tidebøn - kompletorium.
Simeons lovsong
29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
30 For mine auge har sett di frelse,
31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
32 eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
Alt i dei første hundreåra vart det vanleg å høgtida dagen med lysprosesjon, av det følgjer navnet Kyndelsmesse eller Lysmesse. Seinare vart det og vanleg å velsigna alle lys som skulle nyttast resten av året denne dagen. Dagen er nær knytta til julefeiringa. og inkarnasjonen. Tidlegare vart julefeiringa avslutta med Kyndelsmesse, etter liturgireformen er det Epifani som er den liturgiske avslutninga .
Den tyske teologen Adolf Adam kallar Kyndelmesse for "Julefest utanfor Juletida".
Georgisk ikon frå 1000 talet som viser Jesu framstilling i tempelet

søndag 27. januar 2019
Feite rettar og søt vin
Dagens første lesning var frå Nehemjas bok, der det mellom anna står i kapittel 8 vers 9-12:
"9 Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som underviste folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sørgja og ikkje gråta!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova. 10 Han sa så til dei: «Gå og et feite retter og drikk søt vin, og send mat som gåver til dei som ikkje har noko! For denne dagen er heilag for vår Herre. Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke.» 11 Levittane roa folkemengda og sa: «Ver stille, for dette er ein heilag dag. Ver ikkje fylte av sorg!»12 Då gjekk alt folket for å eta og drikka og senda gåver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei. "
Vi blir altså oppmoda til å gleda oss og nyta god mat og god vin, men ein stor del av gleda er å dela med dei som ikkje har!
Mange klosterordenar produserar eksklusiv mat og drikke som likør frå karteusarane, vin, øl og ost frå trappistane.
Cisterciensarklosteret på Munkeby i Trøndelag har profilert seg med sin ost skapt av lokal mjølk og fransk tradisjon frå moderklosteret i Citeaux.
Heilt i tråd med dagens tekst frå Nehemja !
lørdag 26. januar 2019
Remembrance - minne
Men minna spelar oss stadig puss, var det slik eller slik ? Den tyske forfattaren W.G. Sebald busett i England, er ein av dei som har lodda djupast i fortida og minnene i bøkenene sine. Merkelege bøker med korte og lange historiar om eigne og andres opplevingar, illustrert med gamle postkort, brev og bilete. Det gjev ei heilt særegen stemning å lesa Sebald.
Kanskje er ikkje fortida slik vi trudde , i "Vertigo "skriv han : " Jo flere bilder jeg samler fra fortiden, desto mer usannsynlig forekommer det meg at fortiden skal ha utspilt seg på denne måten, for det er ingenting ved den som kan kallest normalt, derimot er det aller meste latterlig, og når det ikke er latterlig, er det skremmende." Hovudpersonen har vendt tilbake til barndomens landsby i Alpene og samtalar med ein person der om personar og hendingar i fortida, Det er ikkje slik ein har tenkt, minna forandrar seg med tida, minne legg seg på minne og det er bare den siste versjonen vi ser for oss.
For Johannes av Korset (1542-91) er minne saman med med intellekt og vilje ein av dei tre rasjonelle sjelsevnene. Viljen som sjelas styrande prinsipp, det som gjev oss retninga. Minnet er erfaring og kunnskap vi har opparbeidd oss gjennom livet, og som konstituerar vår identitet. Men det er likevel meir enn bare våre private erfaringar.
Trappistmunk og abbed Erik Varden skriv om dette i den nyleg utgjevne boka "The Shattering of Loneliness":
" We remember what we have been, what has made us who we are. At the same time, we become what we remember. Our remembering is never confined to just experience, be it narrow or broad. We discover - if we dare - that memory is more than a stagnant pool of private recollection. To remember, really remember, is to slip our moorings and set sail on the open sea, with all that entails of peril and exhilaration."
Abonner på:
Innlegg (Atom)