søndag 24. februar 2019

Himmelen over Vålandskogen

"Himmelen over Vålandskogen" er tittelen på ei vakker diktsamling av Tor Obrestad som kom i 2009. Eg tenkte på den då vi gjekk gjennom dette vesle skogholtet og vidare rundt Mosvatnet i eit vårleg Stavanger tidlegare i dag. Sola lyste opp for første gong på lenge, og folk og fuglar flokkast ut i lyset !





" Vålandskogen strekker seg over ein vestvendt bakke
på eit lite område midt i byen Stavanger
Nok skog til å gi ei minning om dei store sentraleuropeiske
skogane som kan strekka seg over eit heilt land
og langt inn i det neste: Polen, Tyskland, Belgia
Skogen skapt av lindetre, stomnar med godt planta røtter
elefantføtene under lauvverket
som nå i mai lyser med ei gulgrøn himling
over hovuda våre, så høgt oppe at me kan gå
som inn i ei stor stove, på eit raslande teppe
av fjorgammalt lauv som ennå ikkje har blitt jord
Wim Wenders og Petr Falk
samtalar om englar på ein grøn benk, kva elles
dei snakkar om lar seg ikkje skilja. Over heile bakken glimt
av blå himmel og solstreif - desse glimt av himmel
gjennom lauv. Solstreifa. Nede i rommet leikar me
Tussi-hus og Ole Brumm soger. Tigergut svingar seg
opp frå grein til grein, Kristoffer Robin kjem reikande
saman med sine gode venner, Ole Brumm og Nasse Nøff
Barna samlar greiner til hytta, far sit på ein stubbe
og filosoferar over livets forunderlege gang inne i skogen
mens barna plutselege set i gang og skrålar Ja, vi elsker
dette landet som det stiger frem, og sprikk på Nordraaks
forunderlege sluttstrofe som stig ubønnhørleg mot høgdene."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar