mandag 11. februar 2019

Jesusbøna i ortodoks tradisjon

JESUSBØNA

«Herre Jesus Kristus ha miskunn med meg ein syndar»
Denne korte bøna som ein gjentek regelmessig er spesielt populær i ortodoks tradisjon. Hesykasmen – den ortodokse mystiske tradisjon som har sin hovudsete på den gresk klosterøya Athos.
Men dette er nok ei bøn som vart praktisert også av ørkenfedrene dei første hundreåra etter Kristus. Augustin er den som først skriv om dette som skotbøner, piler ein skyt opp mot Gud.
Denne bøna er ei kort trusvedkjenning der det vert understreka at vi er syndarar som treng Kristi miskunn. Hans storhet i relasjon til vår litenhet.

Bøn forutset kjennskap til seg sjølv. Utan det kan relasjonen til Gud fort sveva opp i det blå og ikkje få innverknad på dagleg livet vårt som Wilfrid Stinissen påpeikar.
Ørkenfedrene var opptekne av «penthos» - dvs. den smerte som er forårsaka av eigen eller andres synd. For dei var det ein stadig kamp mot djevelen og freistingar.
Dette kunne ein møta på ulike måtar. Ein kunne gå i nærkamp med freistingane og direkte kjempa mot dei eller ein kunne lata vera å bry seg om dei og berre løfta sitt hjerte mot Gud. I det siste tilfellet tar ein sin tilflukt til Jesu navn og neglisjerar
freistingane enten dei er frå fantasien eller frå den onde.
Johannes av Korset er inne på noko av det same når han talar om « gjera en bevegelse av anagogisk (oppadstigande) kjærleik,medan vi løfter våre hjerte opp til foreininga med Gud»

Jesus bønas formulering:
Trusvekjenning, ein stadfestar at Jesus Kristus er Messias dvs den salva.
Bønas utforming er ikkje absolutt, her fint fleire versjonar Mange oppfattar Salme 70.2 som eit utgangspunkt: «Skund deg, Gud, og hjelp meg. Herre, fri meg ut.»
Ein kan forenkla bøna og til sist bare sitja igjen med ordet «Jesus» eller ein kan leggja til formuleringar til dømes i tråd med kyrkjeåret.

Jul: «Herre Jesus Kristus, som er blitt menneske, miskunn deg over meg.»

Påske: « Herre Jesus Kristus, som oppstod for meg, miskunn deg over meg»

Pinse: « Herre Jesus Kristus, som sende Den Heilage Ande, miskunn deg over meg.»

Forklaringa på berget: «Herre Jesus Kristus, som vart forherliga på berget, miskunn deg over meg.»

Den ortodokse helgenen Serafim frå Sarov ( 1759 – 1833) foreslo ein mariansk variant:
«Herre Jesus Kristus Guds Son, miskunn deg over meg ein syndar på Guds Mors forbøn.»

Uansett formulering er denne bøna ein veg til indre harmoni for mange. Den langsame rytmiske gjentakinga av bøna leiar til konsentrasjon og merksemd, og ein stadig djupare fred.
Simon den nye teologen (949 – 1022) seier det slik:» Sett deg ned, stille og i einsemd. Bøyg hovudet, lat att augene, pust sakte og sjå med di forestillingskraft inn i hjertet ditt og lei fornufta der. Dvs dine tankar frå hovudet og ned i hjertet. Ved kvart andedrag skal du seia: Herre Jesus Kristus, miskunn deg over meg. Du skal uttala orda sakte og stille, med leppene eller bare i anden.»

Kor mange gonger skal ein gjenta bøna? Den russiske pilegrimen blir av ein starets oppmoda til be bøna tusen gonger, deretter sekstusen og så tolvtusen. Det går ikkje i hop, heldigvis fints det andre råd. Arkimadriten Sophrony  uttaler at Jesusbøna bare er eit utgangspunkt. Ein kan formulera bøna ein gong og deretter bli stille og bare kvila i bøna.
Hjerte bøna: Jesus bøna blir ofte og kalla hjertebøna Det er eit uttrykk for at denne bøna også er dynamisk slik all mystikk er det.
Leppenes bøn – dvs ei reint munnleg bøn
Forstanden  eller intellektets  bøn – dvs. Bøna veks gradvis innover, tankane svirrar ikkje lenger rundt omkring og kan konsentrera seg om ordas innhald.
Hjertets bøn – bøna omfattar heile personen. Det er ikkje lenger eg som ber av og til men eg blir bøn heile tida. Dette er ikkje bare å forstå symbolsk men og konkret og kroppsleg. Bøn omfattar både sjel og kropp.
På dette stadiet er det Gud som overtek meir og meir. Bøn blir ikkje mi bøn men Kristi bøn i meg.
Johannes Klimakus seier det slik:» La sinnet ditt bli verande i bønas ord. Gud vil stå for resten, men i si tid og på sin måte.»

 (utdrag av mi undervisning på troskurs)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar