Men minna spelar oss stadig puss, var det slik eller slik ? Den tyske forfattaren W.G. Sebald busett i England, er ein av dei som har lodda djupast i fortida og minnene i bøkenene sine. Merkelege bøker med korte og lange historiar om eigne og andres opplevingar, illustrert med gamle postkort, brev og bilete. Det gjev ei heilt særegen stemning å lesa Sebald.
Kanskje er ikkje fortida slik vi trudde , i "Vertigo "skriv han : " Jo flere bilder jeg samler fra fortiden, desto mer usannsynlig forekommer det meg at fortiden skal ha utspilt seg på denne måten, for det er ingenting ved den som kan kallest normalt, derimot er det aller meste latterlig, og når det ikke er latterlig, er det skremmende." Hovudpersonen har vendt tilbake til barndomens landsby i Alpene og samtalar med ein person der om personar og hendingar i fortida, Det er ikkje slik ein har tenkt, minna forandrar seg med tida, minne legg seg på minne og det er bare den siste versjonen vi ser for oss.
For Johannes av Korset (1542-91) er minne saman med med intellekt og vilje ein av dei tre rasjonelle sjelsevnene. Viljen som sjelas styrande prinsipp, det som gjev oss retninga. Minnet er erfaring og kunnskap vi har opparbeidd oss gjennom livet, og som konstituerar vår identitet. Men det er likevel meir enn bare våre private erfaringar.
Trappistmunk og abbed Erik Varden skriv om dette i den nyleg utgjevne boka "The Shattering of Loneliness":
" We remember what we have been, what has made us who we are. At the same time, we become what we remember. Our remembering is never confined to just experience, be it narrow or broad. We discover - if we dare - that memory is more than a stagnant pool of private recollection. To remember, really remember, is to slip our moorings and set sail on the open sea, with all that entails of peril and exhilaration."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar