lørdag 29. september 2018

Mikkelsmess

I dag 29. september feirar vi Mikkelsmess, minnedagen for erkeengelen Mikael. Dagen er blitt feira frå 300 talet og var også etter reformasjonen heilagdag i Norge, det tok først slutt med reformen i 1770. Dagen har  vore levande blant folk på bygdene like til for eit par generasjonar sidan, men kanskje meir som ein markering eller takkefest for årets innhausting enn som ein religiøs fest.
" Mikkelsmyss" sa bestemora mi (f. 1894) i Kvinnherad like naturleg som jul og påske. I dag er det nok lite igjen av dette sjølv om den norske kyrkja har teke dagen inn i sin liturgi igjen, men mest som ein hausttakkefest.  I Den katolske kyrkja blir dagen markert som ein minnedag for dei tre erkeenglane Mikael, Gabriel og Rafael frå 1969. Dei ortodokse feirar erkeenglane 8. november.

St Mikael er skytshelgen for Kiev, hovudstaden i Ukraina. Midt i byen, ikke langt  frå Majdan plassen og Sofia katedralen finn vi St. Mikaels klosteret. Det vart grunnlagt på byrjinga av 1100 talet og var ein levande sentrum for det religiøse livet i byen inntil revolusjonen i 1917. Bolsjevikane ansåg ikkje klostret for å vera verd å ta vare på, og i 1934-36 vart det reve ned. Etter frigjeringa i 1991 vart det vedteke å byggja klosteret opp igjen og i 1999 vart det på ny innvia. I dag er det eit levande kloster med fleire munkar og dagleg ein jamn straum av truande som ber og tenne lys framfor ikonane.
Over det heile tronar ein gullforgylt St Mikael som vernehelgen for klosteret og byen !







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar