onsdag 19. september 2018

Poetica:Orda dine


Orda dine

Kan orda tapa si kraft ? eller berre gå inn i ein dvaletilstand for så å dukka opp igjen i ein annan dimensjon med fornya styrke ? kanskje lever dei sitt liv under overflata ein stad smyg seg fram i tusmørkret og talar berre med kvarandre korte meldingar, neppe lange monologar kjærleikserklæringar ? kanhende mest det siste for orda lever ikkje berre av luft dei må pleiast med kjærleik sjølv om tapet kjennest tyngre då men avskjedsstunda blir likevel lettare.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar