søndag 16. september 2018

Marias smerter

15. september er minnedagen for Jomfru Marias sju smerter som har sin bakgrunn frå Tyskland i Mellomalderen og som paven frå 1727 gjorde til ein offisiell dag i kyrkja. Fokus denne dagen er Marias oppleving av Sonens liding.

1. Simons profeti i tempelet då Jesus vart framboren for omskjeringa,

2. Flukta frå kong Herodes til Egypt.

3. Leitinga etter en 12 årige Jesus i tempelet.

4. Marias møte med Jesus på Golgata

5. Krossfestinga. Maria under krossen.

6. Nedtakinga av Jesus lekam frå krossen.

7. Jesu gravferd.


I kunsten vert dette ofte framstilt med sju sverd gjennom Marias hjerte, i musikken gjennom mellomalder hymnen Stabat Mater. Teksten av fransiskanarmunken Jacopone da Todi  på 1200 talet.
Musikk av uttalige komponistar fram til moderne tid. Pergolesis versjon er vel den meste kjende ,
min favoritt er Agostino Steffanis Stabat Mater:

https://www.youtube.com/watch?reload=9&v=PBze8HkrQ70




Her i nynorsk versjon ved 
Bernt Støylen Norsk salmebok 151.

Under krossen stod med tåra 
Jesus mor,
i hjarta såra,
medan Sonen pinsla bar.
Å, for angest ho laut lida,
grufull sjelekval og kvida,
sverdet gjennom hjarta skar!
Sonen ser ho sundflengd, såra,
hender, føter gjennombora,
panna tornekrona ber.
Blodet dryp frå alle vunder,
han i lidings natt gjeng under,
dødens mørker kring han slær.
Kan så hardt eit hjarta finnast
at det ei med gru må minnast
Jesu harde strid for oss,
alle slag og sår og strimar
og dei mørke redsler timar
då han pintest på sin kross!
Han som laut for alle lida,
tok på seg vår synd og kvida
lydig inntil kross og grav.
Han seg gløymd av Gud laut kjenna,
han sitt blod for oss lét renna
inntil åndi ut han gav.
Å min Jesus, kjærleiks kjelda,
lat for meg di liding gjelda,
slett mi skuld og sløkk min harm!
Kom med miskunn til me arme,
kveik i meg din kjærleiks varme,
brenn all syndi or min barm.
Sårt du leid for sunder mine,
lydig bar du kross og pine,
gjev meg då ditt hjartelag!
Hjelp meg dag for dag å læra
krossen etter deg å bera
lydig til min siste dag!
Lær meg for mi synd å gråta
når eg skodar krossens gåta:
Kvi du måtte døy for meg?
Nær din kross lat meg få standa,
inn din guddoms kjærleik anda,
trøyst mot døden få hjå deg!
Ved din kross lat livd meg finna,
ved din død meg siger vinna,
ved din nåde evig liv!
Og når lekamslivet ender,
gøym mi sjel i dine hender,
rom i Paradis meg gjev!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar