tirsdag 11. september 2018

Pater Olav

Pater Olav (f. Dagfinn) Muller er nok i dag den eldste katolske presten i Norge, Fødd i april 1924 har han no passert 94 år. Mange kjenner han og set stor pris på han som skriftefar, sogneprest, forfattar og pedagog  for både  konvertittar og barn og unge som han hadde eit særskilt godt lag med Han har gjeve mykje til så mange. Han er skrøpeleg no,og kan nok hovudsakleg gje sitt bidrag i form av forbøn for dei mange han hugsar på, ikkje minst ordenssøstrene.
Då eg vitja han på ein sjukeheim i Trondheim for ei veke sidan var han fysisk skrøpeleg, men tanken og minnet var klart og han hadde glimt i auga og fortalde humoristiske historiar ! Det vart ein god og nåderik time i vissa om at han ikkje berre ber  for oss no, men og på den andre sida av døden, noko han var klar for.

Pater Olav er fødd i Trondheim, han var i dei norske styrkane i Sverige under krigen og konverterte i 1944 hos dominikanerpater Vanneufville op som hadde flykta frå Oslo til Stockholm.
Etter krigen gjekk han inn i picpusordene (ss,cc) og vart prestevigd i Trondheim i 1954. Han  var prest i Tyskland ein periode, men kom i 1957 til Trondheim og vart sogneprest der, seinare både i Ålesund, Kristiansund og Drammen. Etter at han vart pensjonist i 1998 var han også ein periode i Kristiansand saman med sine ordensbrødre der. Det er difor mange  han har kontakt med gjennom åra og mange som minnest han med takksemd og glede.

Pater Olav har vore svært aktiv med foredrag og artiklar som er samla i to bøker, " Pateren kvesser pennen" og "Pateren dypper pennen." Her er mykje visdom og innsikt i dei store spørsmål,  men og humoristiske anekdotar frå eit langt liv. Nevnast må også hans vesle hefte " Et streiftog gjennom Den katolske kirkes historie i Norge" som er ei kort innføring i kyrkjas historie frå kristninga i vikingtida til våre dagar.

Om Kristi venskap

"Jesus nøyer seg ikke med å elske oss som sine venenr, han tørster etter at også vi gjengjelder hans vennskap. Han lengter etter at vi omgås med ham, snakker med ham, prater med ham, med den samme åpenhet som vi gjør med våre beste venner. Ja, vår fortrolghet med Kristus går faktisk dypere enn noe annet vennskap. For våre jordiske venner når oss bare utenfra, de er ikke i stand til å trenge inn i oss. Annerledes er det Kristus. Han nøyer seg ikke med å møte oss bare i det ytre, han trer inn i det dypeste laf av vår sjel. Slik blir han den eneste som med rette kan kalles vår sjelevenn."





      Alter for Olav den heilage og Jomfru Maria i nye St. Olav domkyrkje i Trondheim

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar