søndag 7. januar 2018

Poetica: Juletid


Han hadde gått så langt
og nådde kanskje ikkje fram
men enno var det rom igjen
ei dør, eit bord med brød og fisk og vin
så kan auga gli igjen
og kvila varer lenge
tretten dagar til ende.
Han reiser seg frå draumen
no vil han tala men lyttar først
til dei som tek imot og delar ut
og så dei tre som kom i går
og no stig opp og rir mot vest.
Dei ber eit lys i lag dei tre,
og byr dei andre som sit att:
bli med, bli med !
Vi kjem med sol og vind
sa den første.
Vi kjem med lys og tid
sa den andre.
Vi kjem med glede, brød og vin
sa den tredje.
Eg byr eit hus av brød
sa han som hadde sove lenge.
Gå no sa han som leigde ut
det er ikkje langt igjen.
De er slitne og undrast no
men de blir funne att i dag
og gleda skal bli stor.
De trufast ventande.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar