søndag 21. januar 2018

Draumkvedet

Vil du meg lyde, eg kvede kan
om einkvan nytan drengjen,
alt om `n Olav Åsteson
som hev sovi så lengje.



Han la seg ned om joleftan,
no hev`n sovi så lengje,
vakna kje fyrr om trettandagjen,
då folkjet åt kyrkjun gjekk.
    Og det var Olav Åsteson
    som heve sovi så lengje.





 Kjem eg meg åt pilegrimskyrkjun                                                                                                           der var meg ingjen mann kjend`e
 berre ho gode gudmor mi
 med raude gull  på hende
      I brokksvalin
     der sko domen stande.



Sæl er den i fø`esheimen
fattige gjev`e sko
han tar inkje berrføtt gange
på kvasse heklemog.
    Tunga talar
    og sanning talar på domedag.



                                                                                                                                                       
Gamle menner og unge
dei gjev`e etter gaum`e;
det var han Olav Åsteson,
no hev han tålt sine draume.


Kunstnaren Torvald Moseid ( 1917 -2000) var fødd på Bygland men levde det meste av livet i Oslo.
Han er kjend for sine monumentale broderte friser. Det siste og mest kjende vart ferdig i 1993 og er ein illustrasjon til folkevisa/mellomalderballaden "Draumkvedet". Det er for tida utstilt i Kristiansand kunstmuseum der  ein vonar at det etterkvart får  eit permanent ustillingsrom. I det over femti meter lange broderte biletsekvensen  kan vi følgja den dramatiske historia om Olav Åsteson som sovna julafta og vakna trettandedagen/Heilage tre kongars afta. Han hadde  då vore igjennom ei reise i det hinsidige som han sette seg i kyrkjedøra og fortalde om. Det er ei visjonær reise der han har sett skjærselden, domen, straff og fortaping som ventar syndarane etter døden. Sjølv om ein kjennar teksten frå før, gjev Moseids bilete eit nytt og spennande intrykk. Tradisjon, ord og bilete utfyller kvarandre.

"Draumkvedet" er vel kanskje den meste kjende folkevisa/mellomalderballaden vi har. Mange godt vaksne fekk vel dette med seg som pensum i norskfaget, men det er vel neppe med der lenger ? Lik andre folkeviser levde "Draumkvedet" som munnleg tradisjon i mange hundre år før det vart oppdaga og skreve ned på midten av 1800 talet. Det er ulike teoriar om korleis det oppstod, mest sannsynleg vart det utforma i Kviteseid - Lårdal området i Telermark ein gonge mellom 1350 og 1550 og levde så i ein ubroten folkeleg tradisjon i mange  hundreår. Det er eit visjonsdikt i slekt med visjonsdikting i andre delar av Europa, men det er ikkje haldepunkt for at det er direkte inspirert av andre visjonsdikt.
"Draumkvedet" er eit ekte uttrykk for folkelege religiøse forestillingar i bygde Norge i seinmellomalderen sjølv om den versjonen vi kjenner best vart utforma av Moltke Moe på 1890 talet inspirert av dei uttrykka som hadde levde gjennom tradisjonen i Telemark.

Det som er sikkert er at både folkevisa "Draumkvedet" og Torvald Moseids biletkunst er ein viktig del av norsk kulturarv som må takast vare på til generasjonar som kjem!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar