søndag 21. januar 2018

Barndom

I den vesle minneboka "Et århundre i Bergen. Farmors historie" fortel Ella Rafto som døydde over hundre år gammel, til barnebarnet  Heidi Rohde Rafto (Kapabel forlag). Ei livshistorie som mange andre men likevel unik. " Vi har alle levd spennande liv som det kunne vorte skreve romanar om."
Det eg merka meg spesielt med boka var det første kapittelet "Møhlenpris - min barndoms paradis !"
Ho fortel levande om barneflokken som leika saman ute i området rundt bygarden der ho vaks opp.
"Gjemmespill og pikkeleisen", songleikar som "Fløy en liten blåfugl gjennom vindu" og "Ta den ring og la den vandre", bading, ballspel, aking. Barnebarnet reflekterar over ein barndom påfallande fri for vaksne ! Foreldra skyssar barna ut og så er dei der heile ettermiddagen heilt på sine eigne premiss. Det slår meg at oppveksten på 1920 talet likevel ikkje er så ulik min eigen oppvekst på 1960 talet. Iallfall er det ein himmelvid forskjell  frå både  1920 talet og 1960 talet til dagens barndom på 2010 talet. I dag er alt planlagt , gjennomorganisert og data/media er med frå dei tidlegaste åra. Det er på mange måtar eit dramatisk paradigmeskifte. Gjer det noko med oss eller er vi så forunderleg tilpasningsdyktige? Er førestillinga om den harmoniske og frie barndomen i tidlegare tider berre nostalgiske draumar og tåkeprat? Det var vel heller ikkje alltid " min barndoms paradis" slik denne aldrande kvinne frå Bergen minnest ? Nei, det var det nok definitivt ikkje, det var og tidleg deltaking i arbeidslivet, det var fattigdom, det var sjukdom og død.  I dag er det så godt som ingen barn som døyr, så seint som på 1960-1970 talet døydde det mange i  trafikkulukker, drukning, krybbedød, kreft og infeksjonar. Det er og eit paradigmeskifte, men eit skifte ingen vil vera ueinig er til det betre.

Tapte vi likevel noko? Barneflokken som sprang rundt ute og leikte i mørke haustdagar med fønvind og mogne eple, varme sommar- ettermiddagar med jamnt over 20 grader i vatnet, lange vårkveldar med hyttebygging i skogen, stjernklåre vinterdagar med spark eller kjelke på skarpt føre!
Eit år var veldig lenge, eit liv uendeleg lenge der det låg framom ein som ei slette, eller eit lerret enno utan merke etter penselen som forma fargespelet, ein gong skulle  det bli vaksenlivet.
Vi tapte noko, vi tapte undringa over å stå ein vinterkveld å sjå mot det stjernepryda universet, heilt stille utan andre inntrykk, å stå der lenge ute av stand til å setja ord på mysteriet !

                                                 Leik ved bekken ein sommardag rundt 1930.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar