Dagens tekst i Matteus evangeliet tredje kapittel:
13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?»15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»
Jesu dåp av Sandro Botticelli (1445 - 1510)
Det er flott å fylgje eit "år" som har ei anna ramme enn at "jola varer heilt til påske"
SvarSlett