Etter musikken Etter musikken latteren og din elleville komikk som gjev gjenlyd gjennom hundreåra forviklingane får ein lukkeleg slutt når sceneteppet går ned etter sluttarien og du kan snu deg mot den gråtande mora tonerekkja bøyer seg stille under sorga. Giovanni Battista Pergolesi berre tjueseks år i tida men også navnet ditt som musikk når det er kort tid før kvelden og du skriv og skriv som om vi ikkje skulle kunna kjenna dette tårene,ja og latteren til slutt berre det evige smilet Kom så sorg! Kom no glede! (Giovanni Battista Pergolesi:Stabat Mater)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar