Tvillingsøstera
Gyllent korn i djup præriejord der horisonten og fortida flyt saman i forventning om varme barnekinn og små skritt inn mot det nye hundreåret, så teke imot i kjærleik og glede inntil ein varm augustdag løyser seg opp i saknad og tomrommet berre ein elska tvilling kan leggja etter seg. Solveig,du glei berre djupare inn i gløymsla medan søstera vert løfta inn i den nye verda av hardt arbeid og store gevinstar. Tenkte ho nokon gong på deg, kjente ho aldri så lite saknad ? Kanskje ikkje,til det var jorda for grøderik, havet for vidt,heimstaden så langt borte. No er kornet hausta, horisonten fjernare og sola står lågt før kvelden, tomrommet er eit navn og årstal i digitalarkivet men sorga fekk ingen binærkode. Solveig og Aslaug fødd 17. mars 1903 Solveig døydde 23. august same året og vart gravlagt 28. august. Aslaug levde eit langt liv i Canada.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar