torsdag 29. desember 2016

Martyrar

Desember med julefeiring, gåver og familieselskap, men og ein martyranes månad.
26.desember, andre juledag feirar vi minne om Stefanus, som etter tradisjonen vert rekna som Kyrkjas første martyr. Han vart dømd til døden av det jødiske råd og steina til døde slik det er skildra i Apostelgjerningane.
I dag 29. desember feirar vi minnet om Thomas Beckettt ( 1120-1170), erkebiskopen av Canterbury som vart myrda framfor alteret i sin eigen katedral sannsynlegvis etter ordre frå kongen. Han vart seinare kanonisert og æra som helgen og martyr.
Seinare har mange kristne lidd martyrdøden, ikkje minst under 1900 talets komministregimer. I dag er det i Midt-Austen dei kristen er hardast forfølgde, og mest utsett for å møta martyriet. Det ser vi dagleg i Irak og Syria, men og i Egypt der det 11.desember vart retta eit sjølvmordsåtak mot den koptiske Markus-katedralen. 25 av dei som deltok i gudstenesta møtte martyrdøden, 49 vart alvorleg skadd. Koptarane som utgjer omlag ti prosent av folket i Egypt har og fleire gonger tidlegare vorte utsett for dødelege åtak, men vel så ille er den daglege diskrimineringa dei vert utsett for.


" Til sist, kom ihu hvordan våre fedre ble frelst, hvordan og gjennom hvilke prøvelser Kirken vokste og bredte seg ut; hvilke stormkast som jog over Peters båt, med Kristus om bord; hvordan de troende vant seierens krans, og hvordan deres tro skinte klarere gjennom prøvelser. Slik skrider alle de helliges skare frem og viser at dette vil alltid stå fast: Bare den som har kjempet etter reglene, kan oppnå seierens krans."

Frå eit brev av Thomas Beckett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar