Den irakiske byen Qaraqosh ligg ca 3 mil frå storbyen Mosul. Byen hadde før krigen 50.000 innbyggjarar, dei fleste kristne. Då IS inntok byen for omlag to år siden fekk dei kristne tre valg: å betala eit stort beløp i skatt til IS, omvenda seg til islam eller bli drept ved sverdet. Så godt som alle flykta til dei nærliggjande kurdiske områda. Nyleg klarte dei irakiske regjeringsstyrkane å driva islamistane ut av byen, dermed kunne prestar frå den syrisk-katolske kyrkja igjen ta seg inn til sine gudshus i byen. Det var eit sørgeleg syn som møtte dei, islamistane hadde systematisk øydelagt alt som kunne minna om kristen gudsdyrking. Likevel kunne fire prestar sist søndag feira messe i den raserte og brannskada katedralen i Qaraqosh. Det var ei viktig hending med stor symbolverdi for dei kristne innbyggjarane. Men framtida er usikker, mykje er øydelagt og det er usikkert om det nokon gong blir trygt å venda tilbake. Meir enn nokon gong treng dei kristne i Irak både materiell støtte og forbøn !
Feiring av messe i den brannherja katedralen i Qaraqosh
Ein irakisk soldat tenner lys og ber.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar