Vi feira akkurat minnedagen for Elisabeth 8. november og i år er ho særleg aktuell i det Kyrkja 16. oktober offisielt gav henne ein plass mellom dei heilage. 32 år etter at ho vart erklært salig av pave Johannes Pauls vart ho erklært som heilag av pave Frans. Vi er så takksame for at vi også i år fekk ein ny helgen i Karmel !
Elisabeth av Dijon (fødd Catez), også kjent med klosternavnet sitt Elisabeth av Treenigheten (Elisabeth de la Trinite Dijon) vart fødd 18.juli 1880 i ein fransk offiserfamilie, Faren døydde tidleg og ho vaks opp saman med mora og den tre år yngre søstera Marguerite. Elisabeth hadde eit stort musikalsk talent, og mora såg for seg ein karriere som konsertpianist for henne. Særleg glad var ho i Chopin og Schumann.
Alt tidleg i tenåra kjente Elisabeth eit kall til klosterlivet, men lydig mot mora venta ho til fylte 21 år.
I 1901 slutta ho seg til Karmel i Dijon og i 1903 kunne ho avlegga sine første løfter. Elisabeth fekk ikkje mange år i Karmel, 9. november 1906 døydde ho av binyresvikt, Addisons sjukdom som ein på den tida ikkje hadde behandling for.
Elisabeth etterlet seg ikkje mykje skrifteleg, kanskje er det livet ho levde som er hennar viktigaste bodskap?
Biskop Anders oppsummerar det slik: " Elisabeth ønsker å hjelpe oss på reisen innover. Men husk, reisen innover skjer her og nå, - ikke i et vakuum. Det finnes alltid en risiko for at vi splitter det ytre fra det indre. Elisabeth er veldig konkret og praktisk. Hun vil hjelpe oss til å se at vår livsreise, vår frelseshistorie er et konstant møte med den Gud som har vært med fra første stund. Treenigheten som lever i oss. Det er hennes gave og hennes budskap til oss alle, at vi har denne indre himmel i oss alllerede nå. Midt i det vanlige livet vi lever, kan vi forsøke å bli værende i kontinuerlig tilbedelse og lovsang."
Allehelgensdag 1906 har ho få dagar igjen å leva, ho mottek komunionen for siste gong. Til sin medsøstre seier ho følgjande: " Alt forgår! Ved dette livets aften er det bare kjærligheten alene som forblir. Vi må gjøre alt av kjærlighet. Vi må hele tiden glemme oss selv. Vår Herre vil så gjerne at vi glemmer oss selv... Å, om jeg bare alltid hadde gjort det!...."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar