tirsdag 22. november 2016

Poetica: Josef tømmermannen

   

Josef Tømmermannen


Dagslyset kverv men du er enno ikkje ferdig
tilmålte bord ligg klar
alt skal skøytast saman
oppdragsmannen ventar men ikkje i tolmod.
Du ropar på guten og han kjem:
"Hineni  - her er eg!"
Det blafrande lyset stødig i barnehender
du bøyer deg over det krossforma boret
som glir gjennom glatt trevirke
der naglene kan skyvast på plass
og du minnest engelens ord:
"Ver ikkje redd for å ta henne heim til deg, Josef !"
Draum eller røyndom, aldri nølande
Du lydige.


(til Georges de la Tours måleri "Josef tømmermannen")



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar