søndag 27. november 2016

Adventstida

Vi feirar første søndag i advent. Lik fastetida før påskefeiringa er adventstida ei tid for ettertanke og førebuing. Vi ventar Kristi komme, både den første og andre gongen. Advent av latin adventus som tyder komme. Dei første vitnesbyrd om feiring av advent finn vi på 300 talet, på 400 talet er det i Ravenna i Nord-Italia spor etter  ein liturgi for adventstida. Adventstida fekk tidleg ein bots og fastekarakter, i messa var den liturgiske fargen fiolett og Gloria satsen utgjekk.
Adventstida har teologisk eit dobbelt aspekt, den første tida har eit eskatologisk preg der ein ser fram mot at Kristus skal koma igjen, i den andre delen er fokus retta mot inkarnasjonen  Gud vart menneske fødd av Jomfru Maria i Betlehem. Det er også markert i liturgien i det tredje søndag i advent, Gaudete-søndag (av gaudere= glede seg) har rosa som liturgisk farge. ei blanding av den fiolette botsfargen og den kvite høgtidsfargen. Uttrykk for gleda finn vi i inngongsverset (introitus) for dagen henta frå  Fil 4, 4-5 (sjå under bilete).Vi gleder oss over det som skal koma. Dette dobbelte fokus gjev seg også uttrykk i tekstrekkja, i dag er det tekstar som skildrar Kristi komme på den ytste dag, neste søndag er det fokus på Johannes døyparen og fjerde søndag er det naturleg at Jesus mor Maria er i fokus.

                                       "Gaudete in Domino,semper: iterum dico, gaudete"
                   (Gled dykk i alltid i Herren ! Endå ein gong vil eg seia:Gled dykk!) Fil 4, 4-5

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar