mandag 31. oktober 2016

Allehelgensdag

Vi feirar inngangen til Allehelgensdag 1.november. Minnedagen for alle heilage, ikkje bare dei kjente som har fått sin eigen minnedag i den liturgiske kalendaren. For dei fleste er ukjente, dei levde i kvardagen som Guds trufaste vener, og bare han kjenner deira tru og kjærleik. For menneska er dei gløymde, men vi kan likevel minnast alle desse ukjente no den første dagen i november.
Samstundes er dei bilete på den universelle Kyrkja som omfattar alle menneske , både  dei som lever  og dei som eingon levde. For døden er ikkje noko  absolutt skilje, "De hellige har sin bolig i himlenes rike, deres hvile varer evig. Halleluja!" (Antifon til laudes)
Men ein får også kjensla av å møta den universelle Kyrkja her på jorda, i dette livet. Til dømes når ein er ute og reiser og kan gå til messe i ei lita kyrkje på feriestaden. Språket er ulikt, men liturgien, feiringa av eukaristien er den same. Som katolikk er ein heime over alt i verda.

En el nombre del Padre, y del Hujo, y del Espiritu Santo.

Amen.

El Senyor este con vosotros
Y con tu espiritu.

Senor, ten pietad
Senor, ten pietad.

Cristo, ten pietad
Crosto ten pietad.


                                    Parroquia De San Fernando De Palma

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar