lørdag 22. mars 2014

Twelve years a slave

"I will survive, I will not despair."  er gjennomgangstemaet i regissøren Steve Mc Queens storslåtte filmepos "Twelve years a slave" som for tida går på norske kinoar. Filmen  har fått strålande mottaking av kritikarane, og fekk Academy  Awards for beste film i  fjoråret.
Filmen går føre seg på 1840 talet, altså 20 år før borgarkrigen og den endelege frigjevinga av slavane i USA. Sjølv om slaveri framleis var lovleg i mange statar, lever afroamerikanarar som frie menn særleg i Nordstatane. Hovudpersonen Solomon Northup lever som ein fri mann med kone og born i Saratoga i New York, han livnærar seg som musikar og handverkar. I 1841 blir han lurt av to omreisande kriminelle, dopa ned, sendt til New Orleans der han vert seld som slave. I 12 år lever han som slave på ulike plantasjar i sør, og går igjennom den umenneskeleg behandlinga som dei fleste slavar vart utsett for på denne tida. Chiwetel Ejiofor gjer ei stor rolle både som den frie mannen og slaven Solomon. Etter 12  år lukkast det via ein omreisande kanadiar som er motstandar av slaveriet(spelt av Brad Pitt) å få gjeve beskjed til familie og støttespelarar. Solomon er endeleg ein fri mann som kan gjenforenast med familien sin. Filmen er basert på ei sann historie. Den historiske Solomon Northup var ein av dei få kidnappa slavane som lukkast i å bli frigjeven. Historia hans er blitt kjend gjennom boka han skreiv etter frigjevinga, "Twelve years a slave" som på tre år vart eld i over 30.000 eksemplarar. Då Steve Mc Queen som bur i Amsterdam tilfeldig kom over boka fekk han assosiasjonar til den statusen Anne Franks dagbok har i Nederland, og han fekk straks ideen til filmatisering av boka.
Slaveriet er ein av dei mørkaste kapittela i historia til menneska. Filmen gjer sterkt inntrykk ikkje minst på det faktum at sjølv om slaveriet vart oppheva er det enno hundre år fram i tida før afroamerikanarane får fulle borgarrettar.
Norge og Danmark er heller ikkje uskuldige nasjonar i denne samanheng, vi stod for omfattande slavehandel frå Afrika til Vest-India på 1600 -1700 talet.
"Twelve years a slave" er diverre og dagsaktuell, ein reknar med at det i dag er 20- 30 millionar menneske som lever under slaveliknande tilhøve. Så arbeidet mot slaveri er på ingen måte noko som høyrer 1800 talet til !

Solomon Northup og den første slaveeigaren som i motsetning til dei neste viste menneskelege trekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar