tirsdag 18. mars 2014

Ulf Ekman og katolisismen del II


Eg har tidlegare skreve eit innlegg med denne tittelen i midten av november i fjor.  Det var i samband med at sonen Benjamin Ekman nyleg hadde konvertert til katolisismen. I eit intervju svara Ulf Ekman sjølv tvetydig på om han var på veg til å gjera det same. Men han gav klart uttrykk for eit sakramentssyn og eit embetssyn som låg svært det katolske synet. Så viser det seg at det går mindre enn eit halvt år før han og kona tek det same steget. Det har vakt stor oppsikt i heile Norden og til dels har han blitt kraftig kritisert av sentrale personar i den karismatiske rørsla. Enkelte går så langt at dei kaller det eit svik mot det Ulf Ekman har stått for tidlegare. Men det er ikkje første gong han møter kritikk, meinigheten "Livets Ord " som han leia i nærmare tredve år har heile tida møtt krtikk, ja til dels fordømming. Kritikken har kome både frå sekulær side og frå andre kristne, og den har gått både på forma og innhaldet i denne karismatiske rørsla. "Livets Ord" vart sterkt sentrert om leiaren Ulf Ekman, og det har vel vist seg å vera ein av dei mest sårbare sidene med alle moderne vekkingsrørsler, enten dei er karismatiske eller meir tradisjonelt protestantiske. I staden for å byggja på Kyrkjas gjennomprøvde to tusen årige tradisjon, let ein seg riva med av ein veltalande person med sterk utstråling og leiarevne. Det held sjeldan i lengden, utan Kyrkjas struktur, tradisjon og ikkje minst paveembete vil ei slik rørsle fort falla saman når leiaren blir borte eller meir vanleg blir splitta opp i fleire konkurrerande meinigheter. Sannsynlegvis er det noko av dette Ulf Ekman har innsett og teke konsekvensen av. Det betyr naturlegvis ikkje at Ulf Ekman og  medlemmene i "Livets Ord" har hatt ei mindreverdig tru på personen Jesus Kristus, mange har og vil nok fortsatt finna seg til rette både der og i andre karismatiske menigheter. Like sikkert er det at overgangen til katolisismen vil styrka og rotfesta denne trua, ikkje basert på tilfeldige prestar og predikantar men på det ord Jesus uttaler til Peter: "Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne." ( Matt. 16.18)




Omslaget til ein av Ulf Ekmans bøker. Det ser ut til at han no endeleg har nådd fram til dei andelege røtene som er djupt festa i den katolske tradisjonen ! I fjor skreiv eg i ein blogg kommentar at dersom mange nok ba om det ville nok Ulf Ekman snart gå i sonens fotspor. At bønene skulle verka så fort hade eg likevel ikkje rekna med.

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eg "rotar" visst i dag, først dobbel kommentar, så sletta eg, prøver på nytt :)

    la ved salmen Det er makt i de foldede hender av Trygve Bjerkrheim

    Det der makt i de foldede hender,
    i seg selv er de svake og små.
    Men mot allmaktens Gud du dem vender,
    han har lovet at svar skal du få.

    Det er svar undervegs, engler kommer med bud.
    Om det drøyer, det fram dog skal nå.
    For det lovet jo løftenes trofaste Gud:
    Kall på meg, og du hjelpen skal få.

    Du som ber for ditt barn, dine kjære,
    er i forbønn fra år og til år.
    Om du tålmodets lekse må lære,
    himlens bønnesvar engang du får.

    Det er makt i de foldede hender,
    når i Frelserens navn du får be.
    Og en gang, når du livsløpet ender
    hvert et bønnesvar klart skal du se.

    Å få og sjå bønnesvar, i stort og smått, er trusstyrkande.Litt "verre" å måtte vente på dei.

    Mvh Marie

    SvarSlett