fredag 25. januar 2013

In Laudem Gloriae

Då Anders Arborelius i 1998 blei katolsk biskop i Sverige valgte han "In Laudem Gloriae" (lovsong til Guds herlegdom) som sitt valgspråk. Utgangspunktet er Ef. 1.12: " Så vi som alt har sett vår von til Kristus skal vera til lov og pris for hans herlegdom."
Anders Arborelius hadde då  vore karmelittmunk i 27 år, han hadde skreve ei rekkje bøker om karmelittisk spiritualitet og om Karmels store helgenar. Likevel var det valgspråket til ei mindre kjent karmelittnonne som han  gjorde til sitt, nemleg Elisabeth Catez(1880-1906), betre kjent under sitt klosternavnet " Elisabeth av Treenigheten." I 1984 vart ho saligkåra av pave Johannes Paul II, han uttrykte då følgjande: "Vi våger i dag å presentere henne for verden. Den salige Elisabeth stråler som et nytt lys for oss. En sikker og pålitelig veileder stiller seg til vår tjeneste." Kva er det med denne unge nonna som døydde for over hundreår sidan som kan inspirera oss også i dag ?
I 2009 kom det ei lita bok om henne på Efrem forlag, oversett til norsk av legkarmelitt Anne Samuelsen. Boka har tittelen "Ditt nærver er min glede", første delen er ein kort biografi om Elisabeth forfatta av Koen De Meester, andre del innheld fire foredrag av Anders Arborelius med utgongspunkt i Elisabeth sitt liv og hennar skrifter. Mitt eksemplar av boka er signert av biskop Anders, "In Laudem Gloriae. i bønens enhet" har han skreve til meg. Det inspirerar naturleg nok til å gå inn i Elisabeths liv og tankar. Kanskje kan dei oppsummerat i denne gleda over Guds herlegdom som ein uttrykkjer i den indre bønas stille tilbeding.

Det er mange parallellar mellom Elisabeth og den nesten samtidige og meir kjende Therese frå Lisieux,men det er og forskjellar. Elisabeth vart fødd inn i ein offisersfamilie i Bourges i Frankrike, ho vaks opp i Dijon der ho også gjekk inn i karmelklosteret 21 år gammal. På same måte som Therese følte ho tidleg eit sterkt kall til Karmel, mora sette seg lenge imot dette men ho fekk til slutt viljen sin. Karmel var hennar kall ikkje ekteskap og musikkarriere.Ho døydde fem år seinare sannsynlegvis av tuberkulose i binyrene. Desse fem åra var utan store ytre hendingar, Elisabeths liv var dei daglege rutinane i klosteret. "Menein" er eit gresk ord frå Johannesevangeliet som uttrykkjer å forbli eller bli verande i Gud. Det er og dette  verande som er kjelda til Elisabeths glede og fred. "Også midt iverden kan man lytte til Ham i den stillhet som finnes i et hjerte som ikke vil noe annet enn å tilhøre Ham." Elisabeth er ein vegvisar inn i dette mysteriet, inn i dette som er å bli verande i lovprisinga og tilbedinga.
Den Treeinige Gud står i sentrum for Elisabeths liv, det vart hennar klosternavn og det er og tema i den bøna hennar som har gjort henne  meste kjent:

"Å min Gud, Treenighet, jeg tilber deg! Hjelp meg å fullstendig gelmme meg selv, slik at jeg stille og fredfullt kan slå meg til ro i deg, som om min sjel allerede befant seg i evigheten. La ingenting forstyrre min fred, ingenting fjerne meg fra deg, å du min uforanderlige, men la hvert øyeblikk føre meg lengre iog dypere inn i ditt Mysterium!"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar